Ågot
Ågot og Aagot er norske former av kvinnenamnet Agate, som kjem av det greske ordet agathós, «god» eller «ærbar».
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Tabellen nedanfor gjev ein detaljert oversikt over populariteten til førenamnet Ågot i nokre av dei landa der statistikk er tilgjengeleg.
Land | Av kvinner i landet | Av jenteborn | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Tal | Prosent | Rangering | Tal | Prosent | Rangering | ||
Noreg[1] Ågot | 741 (2006) | 0,03 % | 388. | - (2006) | - | (> 465.) | |
Noreg[1]Aagot | 529 (2006) | 0,02 % | 454. | - (2006) | - | (> 465.) | |
Færøyane[2] Ågot | 2 (2006) | 0,01 % | 893. | - (2006) | - | (> 60.) | |
Island[3] Aagot | 4 (2004) | 0,003 % | - | - (2000-2004) | - | (> 99.) |
Forma «Aagot» var populær som namn på jentebarn i Noreg på 1890-talet. Forma «Ågot» vart mest brukt på 1910-talet, men var ikkje av dei mest populære namna.
Historisk utvikling av populariteten til namnet Aagot i Noreg.[1][4] |
Kjende personar med namnet[endre | endre wikiteksten]
- Ågot Gjems Selmer (1857-1926), norsk skodespelar og forfattar
- Aagot Nissen (1882-1978, norsk skodespelar
- Aagot Noss (1924-2015), norsk tradisjonsforskar
- Ågot Valle (f 1945), norsk politikar
- Aagot Skjeldal, norsk filmprodusent
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ågot» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Namnestatistikk». Statistisk sentralbyrå. Statistikk for namn i Noreg
- ↑ «Íbúgvaviðurskifti og val». Hagstova Føroya. Statistikk for namn på Færøyene (færøysk)
- ↑ «Nöfn í þjóðskrá». Hagstofa Íslands. Statistikk for namn på Island (islandsk)
- ↑ «Digitalarkivet». Arkivverket. Folketeljingar i Noreg