Ågot Gjems Selmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ågot Gjems Selmer

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. oktober 1857
Kongsvinger
Død

25. september 1926 (68 år)
Ås kommune

Yrke skodespelar, skribent, barnebokforfattar
Born Alfred Gjems Selmer, Tordis Gjems Selmer, Lillemor von Hanno
Ågot Gjems Selmer på Commons

  Ågot Gjems Selmer (27. oktober 185725. september 1926) var ein norsk skodespelar og forfattar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Ågot Gjems fotografert av Joh. Thorsen ca. 1880-1885. Bildet tilhøyrer Oslo Museum.

Ho var dotter av Svend Jørgen Gjems (1832–) og Johanne Rolfsen (1837–).[1] Faren var kjøpmann i Kongsvinger, dei fekk mange barn og flytta til Kristiania då Ågot var kring åtte år.[2]

Som skodespelar var Ågot Gjems tilknytt Christiania Theater i omtrent seks år, der ho debuterte 1880 i Thomos Mortons «Den hjemkomne Nabo», iscenesett av den danske litteraten Niels Thorup Bruun, og der ho i 1883 spelte rolla som Petra i uroppføringa av Henrik Ibsens En folkefiende.[3][4]

Ho gifta seg 1883 med Alfred Selmer (1851–1919) av Selmer-slekta, som var distriktslege i Balsfjord. Ekteparet budde i Balsfjord i nitten år, før dei flytta til Ås sør for Oslo i 1902. Dei fekk åtte barn. Av dei fem barna som voks opp var songarinna Tordis Gjems Selmer, skodespelaren Alfred Gjems Selmer og skodespelaren og forfattaren Lillemor von Hanno. I juni døydde først sonen Alfred i spanskesjuka, følgd av mannen Alfred etter ei sykkelulykke juni same året.[5]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Ågot Gjems Selmer og dottera Tordis fotografert i 1911 av Gustav Borgen. Bildet er i Norsk Folkemuseums samlingar.

Ågot Gjems Selmer baserte fleire av bøkene sine på livet til doktorfamilien oppe i det høge nord (Smaapigernes bog, Lillemor, Mor fortæller). Barneboka Da mor var liden bygde på minna hennar frå sin eigen oppvekst på Kongsvinger. Ho skreiv til saman ti bøker, og dei blei omsette til ei rekke språk.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Selmer, Ågot Gjems (1900). Smaapikernes bok. Kristiania: Aschehoug. 
  • Selmer, Ågot Gjems (1901). Et hjem for mennesker: en Menneskeskildring i tre Handlinger. Kristiania: Aschehoug.  [Skuespill i tre akter]
  • Selmer, Ågot Gjems (1902). Vore børns sedelige opdragelse: et foredrag. Kristiania: Aschehoug. 
  • Selmer, Ågot Gjems (1902). Da mor var liden. Kristiania: Aschehoug. 
  • Selmer, Ågot Gjems (1907). Kvinderne i Bjørnsons digtning: essay. København ; Kristiania: Gyldendal. 
  • Selmer, Ågot Gjems (1903). Mors Bog: Religiøse Tanker. Kristiania: Det norske Aktieforlag. 
  • Selmer, Ågot Gjems (1911). Lillemor. Kristiania: Aschehoug. 
  • Selmer, Ågot Gjems (1904). Den gang: af mit livs digt. København: Gyldendalske Boghandel/Nordisk Forlag. 
  • Selmer, Ågot Gjems (1915). Mor fortæller. Kristiania: Aschehoug. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Svend Jørgen Gjems[daud lenkje] hos familierøtter.no.
  2. Lars Ovlien, Ågot Gjems fra Gamle Øvrebyen vel.
  3. Niels Thorup Bruun hos sceneweb.no.
  4. Lars Ovlien, Da Ågot stod i rampelyset fra Gamle Øvrebyen vel
  5. Ifølge notisen Dr. Selmer i Aas omkommet ved et cykkeluheld i Aftenposten den 27. juni 1919, var det sykkelens gaffel som knakk, hvorpå mannen Alfred brakk nakken i fallet. Etter å ha blitt sendt via jernbane til Kristiania utåndet han på Rikshospitalet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ingun Aastebøl: Ågot Gjems Selmer : et forfatterskap med morsrollen i sentrum – hovedoppgave i norsk, 1990
  • Lill-Karin Elvestad: Ågot Gjems Selmer (1857-1926) : Brytningstid – biografi, Orkana 2019