Ågot Valle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ågot Jorunn Valle (fødd 26. mai 1945) er ein norsk politikar frå Levanger, stortingsrepresentant for Hordaland og Sosialistisk Venstreparti i tida 1997-2009.

Valle gjekk ut frå Statens Fysioterapiskole i Oslo i 1967. Sidan arbeidde ho som fysioterapeut i institutt til 1981, deretter var ho 1982-86 fysioterapeut i HVPU og i to år kommunefysioterapeut i Kvam i Hordaland. I tida 1988-97 var ho barnefysioterapeut og leiar av fysio-/ergoterapitenesta i bydelen Loddefjord i Bergen, tilsett som omsorgssjef i Loddefjord 1997.

Frå 1970-åra var Valle ei drivande kraft for Sosialistisk Venstreparti i Bergen og i fylkespolitikken i Hordaland. Hausten 1997 vart ho vald inn på Stortinget for SV i Hordaland, og vart attvald i 2001 og 2005. I den fyrste fireårsbolken var ho nestleiar i familie-, kultur- og administrasjonskomitéen, i den andre var ho leiar av kontroll- og konstitusjonskomitéen. Frå 2005 til -09 var ho odelstingspresident og medlem av utanrikskomitéen. Seksårsperioden 2009-14 var Valle medlem av den norske Nobelkomitéen, sjukemeld frå 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi