Åkerbær
Åkerbær | |
![]() Åkerbær | |
Status | |
Status i verda: ![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Rosoideae |
Slekt: | Bjørnebærslekta Rubus |
Art: | Åkerbær R. arcticus |
Vitskapleg namn | |
Rubus arcticus |
Åkerbær (Rubus arcticus) er ein plante i rosefamilien. I Norden har planten ei austleg utbreiing. I Sør-Noreg finn vi han i randområda mot Sverige. Han er vanlegare i Troms og Finnmark. I Nord-Sverige og særleg i Finland er han utbreidd. Han veks vidare gjennom Russland og i nordlege Nord-Amerika. Åkerbær veks på fuktig skogbotn, langs bekkar, på veg- og myrkantar. Han er sjeldan over skoggrensa, men veks enkelte stader frå Telemark til Sør-Trøndelag. Åkerbær har i Telemark vorte funne heilt opp til 1300 moh.


Utsjånad[endre | endre wikiteksten]
Planten har ein krypande jordstengel med ein opprett stengel på 10-25 cm. Stengelen har få trekopla blad. Dei er sagtanna, glatte og tynne. I toppen av stengelen sit 1-3 smale blomar. Dei har 5-10 kronblad som oftast er rosa. Den brunraude eller djupraude frukta minner om bringebær.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Dei aromatiske bæra vert brukte til syltetøy og dessertar. I Finland der åkerbær er vanleg, blir det laga ein likør, Mesimarja. Ved Nobelmiddagen blir det ofte servert åkerbærdessert.
Hybridar[endre | endre wikiteksten]
Åkerbær kan danne hybrid med teiebær og med alaskaåkerbær. Den siste går under namnet allåkerbær.
Sortar[endre | endre wikiteksten]
I Finland har ein odla fram ulike sortar til kommersiell dyrking. Dei mest kjende sortane er:
- Mespi
- Mesma
- Pima
- Marika
- Muuruska
- Elpee
- Susanna - store, ljose bær
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995
- Pål Hermansen: Våre vakreste fjellplanter. Universitetsforlaget 1985
- C. A .M. Lindman: Nordens Flora. Oslo 1977
- Martin Ragnar: Åkerbär. Black island books, 2017