Åkernes

Koordinatar: 62°12′45.2″N 7°02′30.6″E / 62.212556°N 7.041833°E / 62.212556; 7.041833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°12′45.2″N 7°02′30.6″E / 62.212556°N 7.041833°E / 62.212556; 7.041833

Åkerneset ved Sunnylvsfjorden. På biletet ser ein dei tre tuna til Me-Åkernes, Litleseter og Ytre-Åkernes. Det først store fonnfaret til venstre er Åkernesfonna eller Flosteinfonna (Inste Åkernes er ikkje vist).
Foto: 2008
Tunet på Me-Åkernes ved Sunnylvsfjorden i Stranda kommune.62°10′26.3″N 7°00′16.3″E / 62.173972°N 7.004528°E / 62.173972; 7.004528
Foto: 2008
Tunet på Ytste-Åkernes ved Sunnylvsfjorden i Stranda kommune.62°10′50.6″N 7°00′48.0″E / 62.180722°N 7.013333°E / 62.180722; 7.013333
Foto: 2008

Åkernes (dialektisk: åknæse) er tre matrikkelgardar i Stranda kommune, som ligg på eller ved Åkerneset, på vestsida av Sunnylvsfjorden i Møre og Romsdal fylke.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Oluf Rygh[1] viser til det opphavleg namnet akrnes, der første lekken av namnet tyder åker. Namnet er blitt skrive på ulike måtar gjennom tidene, t.d. Ackernes, Åkornes, Åckernes m. fleire. Lensrekneskapet for 1606/07[2] nemner for Dale skipreide, namna Ackernes og Ytterackernes.

Ein ser ofte at nemningane «Åknes» og «Åkneset» blir nytta; dette er dei dialektiske, munnlege nemningane på gardane og på neset.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Gardane ligg på ei bratt fjellside med mange berggjel, hamrar og fonnefar, med grøderike jordflekkar inn i mellom. Fjordstrekninga frå nordlegaste (ytste) til sørlegaste (inste) gardstunet, er om lag 2,5 km. Truleg har det budd folk på Åkernes frå dei eldste tider, men dei første, kjende brukarane er frå byrjinga av 1600-talet. Gardane hadde ein sætrestøl: Åkernes-sætra som ligg om lag 330 moh.

Landskapet bak gardane er dominert av høge fjell, til dømes Åkernesnibba (1296 moh.), Flosteinnibba (1514 moh.) og Tårnet (1378 moh.). På den andre sida av fjorden ligg Oaldsbygda. Åkernesfonna (Flosteinfonna) er eit stort fonnefar som ligg mellom Me-Åkernes og Inste Åkernes. I 1817 gjekk fonna ut i fjorden og to mann i robåt omkom på sjøen.[3] I 1846 tok denne fonna eit bruk som vart kalla Plassen, men ingen omkom. Bruket vart ikkje bygt opp att.[Note 1]

Åkernes-gardane ligg i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap,[4] som vart innskrive på UNESCO si Verdsarvliste 14. juli 2005. Staden høyrer òg inn under Geiranger-Herdalen landskapsverneområde[5]

Inste Åkernes er matrikkelgard nr 95 i Stranda kommune.
Garden ligg ved sjøen, om lag 1 km sør for Me-Åkernes, som er næraste grannegard. Ein brukar er nemnt på garden i 1603.[6] Omkring 1628 vart staden råka av snøskred som tok både hus og folk,[7] og etter den tida låg garden lenge øyde. Presten Hans Strøm nemner i «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[8] (side 296) at i tida omkring 1766 var der éin gardmann og ein husmann. Vinteren 1899 kom der ei snøfonn som kløyvde seg i to og gjekk på begge sider av huset, og året etter vart garden fråflytta.[9] Berre restar av husmurane finst att på staden i dag.

Me-Åkernes eller Mid-Åkernes er matrikkelgard nr 96 i Stranda kommune.
Gardstunet ligg om lag 100 m frå sjøen, 87 moh. Husa ligg inn til berget og dei er bygt slik at snøfonna, om ho kjem, går over dei[Note 2] Garden er første gong nemnt i 1666[10] Presten Hans Strøm nemner i «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[8] (side 296) at i tida omkring 1766 var der éin gardmann og ein husmann. Det er opplyst at vanleg fønad først på 1900-talet var 4 kyr, 20-40 sauer og inntil 40 geiter. Garden hadde fast busetnad fram til 6. desember 1958, då han vart fråflytt. Storfjordens Venner har seinare hjelpt til med vedlikehald av husa.

I 1714 vart garden råka av snøfonn, men opplysningar om skadeverk er ikkje kjent.[Note 3] Vinteren og våren 1905 kom fleire snøfonner som tok nokre hus og frukttre, men ingen omkom[11]

Litleseter, bruk nr 2 under Me-Åkernes.
Der hadde truleg vore plassemenn før, men i 1846 vart staden fråskilt som eige bygslebruk.[12][13] Husa låg om lag 190 moh., om lag midtvegs mellom Ytste-Åkernes og Me-Åkernes. Siste brukaren flytta ut i 1957. Storfjordens Venner hjelpte til med vedlikehald på husa i 1979.

Ytste-Åkernes er matrikkelgard nr 97 i Stranda kommune.
Gardstunet ligg høgst i lendet av dei tre Åkernesgardane, om lag 175 moh. Garden er nemnt første gongen i 1603 og i 1610 var der ein Oluf som drog i hærferd (Kalmarkrigen?).[14] Presten Hans Strøm nemner i «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[8] (side 296) at i tida omkring 1766 var der éin gardmann. I 1866 hadde garden 8 mål dyrka jord, dei hadde då ein hest og fora 8 storfe og 42 småfe.

I 1714 vart Ytste-Åkernes råka av snøfonn som tok husa og garden, det er uvisst om nokon omkom. I 1928 kom eit steinskred som tok eit sumarfjøs, men raset stogga tett ovanfor tunet.[15] Ein berghammar vart seinare sprengt med dynamitt for å hindre fleire skred.

Garden vart fråflytta i 1958.[16]

Skredfaren på Åkerneset (Åkneset)
Gjennom tidene har det gått mange, både store og små steinskred og snøfonner på Åkerneset. Når staden i dei siste åra er blitt mykje omtala i media, er grunnen dei årvisse rørslene ein har registrert i fjellet over Me-Åkernes, som kan tyde på at eit skred av heilt store dimensjonar kan vere ventande. Sidan det vart oppdaga i 1983, har geologane følgt nøye med utviklinga, for å kunne seie noko om når eit skred kan kome og kva konsekvensane vil bli. Sjå meir om dette i artikkelen Åkerneset.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Presten Hans Strøm fortel i «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør» (sjå ref.) side 277, om «Prestefonna», eit steinskred som gjekk litt nordanfor Åkerneset, der kapellan Knud Pedersen Harboe omkom. Hendinga er òg nemnt i boka «Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen» av Johan Fredrik Lampe. Første pinsedag (15.mai) 1701 kom dei roande og skulle til Sunnylvs-kyrkja i Hellesylt, og enten vart dei råka av sjølve skredet, eller det var lufttrykket som kolva båten. Utanom kapellanen, omkom truleg 6 av roskarane.
  2. Denne byggeskikken er nemnt alt i 1766 i «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør» (sjå ref.) side 277, der Hans Strøm skriv at «dette tiener dem til Skiul og Bedækkelse imod de over Hammeren jævnlig nedløbende Skreder».
  3. Det kan ha vore dette skredet Hans Strøm omtalar i 1766 i «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør» (sjå ref.) side 277, der han fortel om ei lita jente som «for nogle Aar siden» omkom i ei snøfonn.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norske Gaardnavne» av Oluf Rygh (Oslo, Børsum, 1969)
  2. Lensrekneskap 1606/07 for Sunnmøre avskrift 2004 v/Ivar S. Ertesvåg
  3. Skrednett NVE Åkernesfonna
  4. Verdsarv Vestnorsk Fjordlandskap
  5. Geiranger-Herdalen Landskapsvernområde
  6. Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt av P.A.Lillebø (om Inste Åkernes: side 412-413), Stranda sogelag 1993.
  7. Skrednett NVE Snøskred, Inste Åkernes
  8. 8,0 8,1 8,2 Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766).
  9. «Eld som slokna», om Inste-Åkernes side 148
  10. Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt av P.A.Lillebø (om Mid-Åkernes: side 414), Stranda sogelag 1993.
  11. Skrednett NVE Snøskred, Me-Åkernes
  12. Eld som slokna, om Litleseter side 151
  13. Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt av P.A.Lillebø (om Litlesetra: side 418), Stranda sogelag 1993.
  14. Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt av P.A.Lillebø (om Ytste-Åkernes: side 415)
  15. Skrednett NVE Snøskred, Ytste Åkernes
  16. »Eld som slokna», om Ytste-Åkernes side 156

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]