Åkertistel
| Åkertistel | |
Åkertistel | |
| Status | |
| Status i Noreg: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
| Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
| Underfamilie: | Carduoideae |
| Stamme: | Cynareae |
| Slekt: | Vegtistelslekta Cirsium |
| Art: | Åkertistel C. arvense |
| Vitskapleg namn | |
| Cirsium arvense | |
Åkertistel (Cirsium arvense) er ein kraftig plante i vegtistelslekta som finst i store delar av verda. Han stammar frå Eurasia og Nord-Afrika, men finst også innført i sørlege Afrika, Amerika og Australia.[1] Åkertistel blir rekna som ugras ei rekkje stader, og er i fleire område rekna som ein invasiv art.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]
Planten har opprette stenglar og blir 50-130 cm høg. Han dannar ein rosett av blad som kan vera ovale eller avlange. Dei kan etterkvart vera finna og bølga, med tornar i kantane. Planten forgreinar seg gjerne i toppen og kan vera ullhåra. Bladform, flikar, tornar og kor hårete han er kan variera mykje.[2]
Plantenblømer frå juli til september. Blomestilkane sit på toppen og er rikt forgreinar. Blomane sit i klasar og er lillaraude til lyselilla.[2] Blomekorga har ein diameter på kring 15-25 mm.
Tistelen har eit djuptgåande rotsystem med rotutløparar som breier seg ut horisontalt med loddrette røter som når under pløyedjupna. Rotsystemet kan gå to-tre meter ned i bakken, slik at tistelen kan klara seg gjennom periodar med tørke.[3] Frøa er 4–5 mm lange, med fjøraktige fnokk som gjer at dei kan spreia seg med vinden.[4][5][6]
Tistelen har vanlegvis hann- og hoblomar på ulike plantar, det vil seia at arten typisk er særbu. Han formeirer seg med frø, men også i stor grad via underjordiske rotutløparar. Frøa er spiredyktige 10 dagar etter bløminga. Spiringa blir stimulert av lys. Frøa er berre levedyktige i mindre enn tre år, og det blir derfor ikkje bygd opp nokre store frøbankar av tistelen.[3]
Førekomst
[endre | endre wikiteksten]Åkertistel veks i dei fleste jordartar, og trivst i næringsrik mold. Vekststadane kan variera frå vegkantar og strender til gras- og åkermark. Planten er god til å konkurrera om lys, vatn og næring. Dette kan føra til lågare avkastning for jordbruksvekstar der han konkurrerer med desse.[7] Han lagar størst problem for konkurrenssvake avlingar som erter.[3]
Åkertistelen er rekna som ein livskraftig framand art i Noreg som kom inn i landet før 1800. Truleg kom han inn lenge før dette, i samband med tidleg jordbruk. Arten spreier seg nordover.[8]
Økologi
[endre | endre wikiteksten]
Frøa til tistelen er ei viktig matkjelde for stillits og tornirisk, og i mindre grad for andre finkar.[9] Blada blir nytta som føde av over 20 sommarfuglartar og av fleire bladlusartar.[10][11][12] Han er også kjend som ei matkjelde for billearten Altica cirsicola.[13]
Blomane blir vitja av ei rekkje ulike pollinernade insekt som bier, møllar, vepsar og biller.[14]
Ugrasstatus
[endre | endre wikiteksten]Arten er ofte rekna som ugras i område han veks i frå gammalt av. Han er til dømes nemnd som ein «injurious weed» i den britiske loven Weeds Act 1959, som omfattar plantar som kan vera til skade for jordbruk eller husdyr.[15] Tistelen er også ein alvorleg invasiv art i mange område der han er blitt innført, ofte ved eit uhell som ureining i kornfrø. Han er offisielt rekna som ugras i fleire land, som Australia, Brasil, Canada, Irland, New Zealand og USA. Planten eller dela av han (som frø) kan vera regulerte som ei ureining i andre importerte produkt, som korn til matforbruk eller frø til såing. I Canada er C. arvense klassifisert som primary noxious weed seed i Weed Seeds Order 2005 som del av Canada sine Seeds Regulations.[16]
Ein studie frå 2023 fann at med auka karboninnhald i atmosfæren i framtida hadde C. arvense ein risiko for auka vekst, noko som kunne mnedføra utbreiinga til arten og utkonkurrera innfødde artar.[17]
Nedkjemping
[endre | endre wikiteksten]Det djupgåande rotsystemet gjer det vanskeleg å nedkjempa åkertistel ved hjelp av jordtilverking. Tistelen kan svekkast gjennom at ein skjer av dei overjordiske skota, ettersom han då skyt opp nye skot som tømmer ressursane frå røtene. Derfor er det effektivt å hemma tistelen med gjenteken slått. Andre engvekstar som trivst med slik slått kan også konkurrera om vatn og næring, noko som også kan hemma tistelen.[7]
Planten er mest følsam for mekanisk forstyrring i utviklingsstadiet der han har 8–10 blad. Eit førebyggande tiltak kan vera å så ei konkurransedyktig og tett avling, sidan tistelen treng mykje lys og næring. For å hemma veksten av åkertistel om våren, er vårpløying eit effektivt tiltak.[7] I tilfelle der førebyggande tiltak ikkje fungerer, er det også mogleg å nedkjempa tistelen med ugrasmiddel.[3]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Åkertistelspire
- Åkertistel i Polen
- Blomar som dannar frø.
- Insekt på åkertistel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Cirsium arvense (L.) Scop». Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. Henta 4. august 2024.
- 1 2 «Ogräsrådgivaren - SLU!». ograsradgivaren.slu.se. Henta 2017-12-27.
- 1 2 3 4 «Ogräsbeskrivningar». SLU.SE (på svensk). Arkivert frå originalen 2019-12-11. Henta 2019-12-30.
- ↑ Flora of Northwest Europe: Cirsium arvense Arkivert 2008-07-05 ved Wayback Machine.
- ↑ Blamey, M. & Grey-Wilson, C. (1989). Flora of Britain and Northern Europe. ISBN 0-340-40170-2
- ↑ Kay, Q. O. N. (1985). Hermaphrodites and subhermaphrodites in a reputedly dioecious plant, Cirsium arvense (L.) Scop. New Phytol. 100: 457-472. Available online (pdf file).
- 1 2 3 «Ogräskontroll på åkermark». webbutiken.jordbruksverket.se. Henta 2019-12-30.
- ↑ Solstad H; Elven R; Arnesen G; Eidesen PB; Gaarder G; Hegre H; Høitomt T; Mjelde M; Pedersen O (24.11.2021). «Karplanter: Vurdering av åkertistel Cirsium arvense for Norge». Rødlista for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 04.08.2026.
{{cite web}}: Check date values in:|henta=og|dato=(hjelp) - ↑ Cramp, S., & Perrins, C. M. (1994). The Birds of the Western Palearctic. Vol. VIII: Crows to Finches. Oxford University Press, Oxford.
- ↑ Finnish Lepidoptera Cirsium arvense
- ↑ The Ecology of Commanster: Cirsium arvense Arkivert 2007-08-26 ved Wayback Machine.
- ↑ Ecological Flora of the British Isles: Phytophagous Insects for Cirsium arvense
- ↑ Laroche, A.; DeClerck-Floate, R. A.; LeSage, L.; Floate, K. D.; Demeke, T. (1996-06-01). «AreAltica carduorumandAltica cirsicola(Coleoptera: Chrysomelidae) Different Species? Implications for the Release of A. cirsicolafor the Biocontrol of Canada Thistle in Canada». Biological Control. 6 (3): 306–314. Bibcode:1996BiolC...6..306L. doi:10.1006/bcon.1996.0039. ISSN 1049-9644.
- ↑ El-Sayed, A. M.; Byers, J. A.; Manning, L. M.; Jürgens, A.; Mitchell, V. J.; Suckling, D. M. (June 2008). «Floral scent of Canada thistle and its potential as a generic insect attractant». Journal of Economic Entomology. 101 (3): 720–727. doi:10.1603/0022-0493(2008)101[720:FSOCTA]2.0.CO;2. ISSN 0022-0493. PMID 18613571. S2CID 14419740.
- ↑ «Injurious weeds: how to make a complaint», GOV.UK (på engelsk), 2026-08-06, henta 2026-08-07
- ↑ Weed Seeds Order 2005 Arkivert 2012-03-21 ved Wayback Machine., Canada Gazette Part I, Vol. 139, No. 9
- ↑ Ziska, L. H. (2003-01-02). «Evaluation of the growth response of six invasive species to past, present and future atmospheric carbon dioxide». Journal of Experimental Botany. 54 (381): 395–404. doi:10.1093/jxb/erg027. ISSN 0022-0957. PMID 12493868.
- Denne artikkelen bygger på «Åkertistel» frå Wikipedia på bokmål og «Åkertistel» frå Wikipedia på svensk, den 4. august 2026.
- Denne artikkelen bygger på «Cirsium arvense» frå Wikipedia på engelsk, den 4. august 2026.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Åkertistel hos Artsdatabanken
- (en) Åkertistel – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Åkertistel i Catalogue of Life
- (en) Åkertistel i Encyclopedia of Life
- (en) Åkertistel i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Åkertistel hos Dyntaxa
- (en) Åkertistel hos ITIS
- (en) Åkertistel hos NCBI
- (en) Åkertistel hos Plants of the World Online
- (en) Åkertistel hos The International Plant Names Index
- (en) Åkertistel hos Tropicos