Åkle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Åkle av nyare dato etter gammalt mønster frå Flesberg i Buskerud.
Foto: Kjetil Bjørnsrud

Åkle eller åklede (mellomnorsk áklædi, 'på-klede') er ein mønstra, grov vevnad frå norsk bygdekultur. Det blei opphavleg brukt som sengeteppe og liknande, men har også vore brukt til å utsmykka kyrkjerom. Frå 1900-talet er åkle helst blitt sett på som prydtekstil som kan leggast på overflater eller hengjast opp på veggen.

Åkle fanst i mange ulike mønster og blei laga med mange ulike vevteknikkar, som rutevev, rosengang, krokbragd og skillbragd. I dag er rutevev på toskaftsvev mest vanleg. Vevnaden er typisk mangefarga med mønster laga av geometriske figurar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]