Åkra i Kvinnherad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Åkra er ei bygd i Kvinnherad kommune i Hordaland. Åkra ligg på nordsida av Åkrafjorden. Fylkesveg 40 er einaste innfartsveg til bygda, som vart opna inn til Åkra i 1970. Før dette måtte ein ta sjøvegen inn Åkrafjorden. I bygda finst det daglegvarebutikk, grunnskule og barnehage. Grunnskulen er inndelt i fådelte klassar, grunna det relativt låge talet elevar. Dei største næringane i Åkra er jordbruk, turisme og oppvekstsenteret. Ellers pendlar mange innbyggjarar til mellom anna Rosendal og Husnes. I sommarhalvåret ferierer mange turistar i utleigehytter i bygda. Det går kollektivtransport to gonger i veka til Åkra, som også har ansvaret for leveransen til daglegvarebutikken.

Bygda er omkransa av fjell på tre sider; i nord Skårafjell og Ingahogg, i aust Vågsfjellet og i vest Krakaheia.