Åkra stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Åkra stavkyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til gamle Åkra stavkyrkje

Åkra stavkyrkje var ei stavkyrkje i Kvinnherad i Hardanger, som vart riven rundt 1730.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Ei kyrkje i Åkra er første gong nemnd i 1329.[1] Då kyrkja vart skildra i ein rapport frå 1722, hadde taket nyleg vorte skada i ein kraftig storm.[2] Ho må ha vorte riven mellom 1722 og 1735, det året då Åkra fekk ny kyrkje.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Det går fram av skildringane av kyrkja frå 1665 og 1722 at ho må ha vore ei stavkyrkje av den treskipa typen. I 1722 var kyrkja bordkledd og måla innvendig. Ho hadde "taarn uden spir", noko som truleg tyder ein takryttar av den gamle typen, og svalgang på nordsida. Storleiken på skipet var 48 fot gonger 28 fot (15 m x 9 m) og koret var 18 fot gonger 16 fot (6 m x 5 m).[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "prester i (...) Akrafirdi". Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 479-480. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum I, 206
  2. 2,0 2,1 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 480

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]