Åkrafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åkrafjorden og Langfossen

Åkrafjorden, stundom kalla Åkerfjorden, er ein sidefjord til Skånevikfjorden i kommunane Kvinnherad og Etne i Vestland. Store delar av fjorden følgjer kommunegrensa mellom desse to kommunane. Innløpet til fjorden ligg mellom Vannes, like nord for Skånevik og Krabbanes ved innløpet til Matersfjorden, som held vidare fram nordaustover. Frå innløp går fjorden 32 km austover mot Fjæra. Riksveg 11 går på sørsida av fjorden.

Fjorden går først 4,5 km søraustover, før han snur austover ved Tungesvikneset. Sør for dette neset ligg grenda Tungesvikstranda. Fjorden held fram austover til Sævareid før han snur nordaustover og inn til bygda Åkra på nordsida av fjorden i Åkravika. Frå her går Riksveg 11 på sørsida av fjorden og inn til fjordbotn. På nordsida av fjorden ligg fleire veglause gardar, mellom anna fjellgarden Eikemo. Andre gardar er Kalvik, Kvanndal, Hammarsland, Strand, Bjelland og Eintveit.

Nesten inst i fjorden stupar den mektige Langfossen ut i fjorden på sørsida. Sidene elles i fjorden er elles stort sett bratte, særleg inst i fjorden ved Fjæra. Der Endafjellet nesten stig rett til værs til ei høgd på 827 meter over havet. Det høgaste fjellet ved fjorden er Alvdalsnuten på nordsida mellom Åkra og Eikemo. Fjellet har ei høgd på 1 243 meter over havet, men stig ikkje like bratt opp frå fjorden som fjella lenger inne i fjorden.

Ved Mosnes på nordsida av fjorden er einaste punktet av Folgefonna nasjonalpark som grensar til havet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]