Ål i Hallingdal
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ål.
| Ål | |||
| Sundre | |||
| tettstad | |||
Ål sett frå Sundreberget | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Buskerud | ||
| Kommune | Ål | ||
| Areal | 3,02 km² | ||
| Folketal | 2 615 (2024) | ||
| Folketettleik | 866 / km² | ||
| Postnummer | 3570 Ål | ||
| Innbyggjarnamn | åling | ||
| Preposisjon | på Ål | ||
![]() Ål 60°37′42″N 8°33′31″E / 60.628333333333°N 8.5586111111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Ål (village) | |||
Ål er ein tettstad og administrasjonssenteret i Ål kommune i Buskerud. Tettstaden ligg midt i Hallingdal, ved den austlege enden av Strandafjorden, og har 2 615 innbyggjarar per 1. januar 2024.[1]
Størstedelen av tettstaden ligg på nordsida av Hallingdalselve, og heiter Sundre. Dei små forstadene rundt er Hago, Vestlia og Granhagen. Riksveg 7 går gjennom Ål på nordsida av elva og på sørsida ligg Ål stasjon, som er stoppestad for Bergensbanen.
Ål er eit handels- og skulesentrum, og har kulturhus, Ål kulturhus med Hallingrosa, ei utstilling av rosemålingskunst, og ei større permanent Rolf Nesch-utstilling. Her er også sjukestove med base for Norsk Luftambulanse.[2] Avisa Hallingdølen kjem ut på Ål tre dagar i veka.
Sundre var den førande garden i Ål i mange år, og vart sentrum av di både Ål kyrkje, Ål stavkyrkje, og tingstugu vart lagt i dette området. Når lokalkjende hallingar i dag snakkar om Ål sentrum, nyttar dei framleis omgrepet «på Sundre». Folk utanfor dalen brukar gjerne nemninga «på Ål» i same tyding. Sundre er rekna til om lag rett ovanfor Ål kyrkje.
Folkemengd
[endre | endre wikiteksten]| Folketalsutvikling på Ål | ||||
|---|---|---|---|---|
| År | Innbyggjarar | |||
| 1920 | 385 | |||
| 1930 | 559 | |||
| 1946 | 842 | |||
| 1950 | 920 | |||
| 1960 | 956 | |||
| 1970 | 1 345 | |||
| 1980 | 1 928 | |||
| 1990 | 2 079 | |||
| 2000 | 2 226 | |||
| 2009 | 2 270 | |||
| 2012 | 2 367 | |||
| Kjelder: | ||||
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ål». Store norske leksikon. 13. juli 2017. Henta 15. april 2018.
- ↑ «Ål – tettstedet». Store norske leksikon. 14. januar 2016. Henta 7. september 2016.
