Aalborg

Koordinatar: 57°02′06″N 9°55′52″E / 57.03500°N 9.93111°E / 57.03500; 9.93111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ålborg)
Aalborg
Nytorv i Aalborg Foto: Tomasz Sienicki
Nytorv i Aalborg
Foto: Tomasz Sienicki
Nytorv i Aalborg
Foto: Tomasz Sienicki
Byvåpenet til Aalborg
Byvåpenet til Aalborg
Styresmakter
Land
Region
Kommune
Danmark
Region Nordjylland
Aalborg kommune
Grunnlagd Alabu skreve på myntar frå 1035. Kjøpstadsrettar i 1342.[1]
Borgarmeister Thomas Kastrup-Larsen S (2014-2017)[2]
Geografi
Flatevidd 139 km²
Innbyggjarar
 - By (2013)

128 644[3]
Koordinatar 57°02′06″N 9°55′52″E / 57.03500°N 9.93111°E / 57.03500; 9.93111
Diverse anna
Heimeside: aalborg.dk

Aalborg eller Ålborg er den fjerde største byen i Danmark, etter København, Aarhus og Odense, regionsenter i Region Nordjylland, og har eit folketal på 128 644 (2013). Dei tidlegaste busetnadane går heilt tilbake til rundt år 700. Byen ligg ved Limfjorden, opphavleg på sørsida, men femnar no òg om den tidlegare sjølvstendige byen (kjøpstaden) Nørresundby på nordsida av sundet.

Byen var ei viktig hamn i mellomalderen og vart seinare eit industrisenter med mellom anna sementfabrikkar. I dag er byen i ein overgangsfase får å vere ein arbeiderklasse- og industriby, til å verte ein by som baserer seg på meir kunskapsorienterte verksemder. Ei av dei viktigaste drivkreftene for denne overgangen er Aalborg universitet, grunnlagd i 1974.

Byen er i dag kjend for snaps, og De Danske Spritfabrikker vart grunnlagd i 1881 av C. F. Tietgen og C. A. Olesen.

Aalborg tårn står på ei høgd i byen, og gjev eit flott utsyn over byen med ei høgd på over 100 meter.

Aalborg er trafikkknutepunkt for europavegane E39 og E45.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Søren Olsen: Danmarks købstæder, 144 købstæder og andre gamle byer, Politikens Forlag 2000, side 50, ISBN 87-567-6203-8
  2. Thomas Kastrup-Larsen Borgmester frå Aalborg Kommune (Vitja 12. februar 2014)
  3. Danmarks Statistik: FOLK1 2013K4 (Vitja 12. februar 2014)