Hopp til innhald

Ålen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ålen kyrkje
kyrkje
Foto: PerPlex
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Gauldal
Sokn Ålen
Fellesråd Holtålen
Type Langkyrkje
Periode Nygotikk
Arkitekt Jacob Digre[1]
Material Tre
Innvigd 1881[1]
Tårn Ved vestre enden av skipet
Kyrkjegard Nordom kyrkja
Preikestol Frå 1881, av Jacob Digre[1]
Døypefont Frå 1650, i messing.[1]
Altartavle Frå 1881, av Carl Fridtjof Smith[1]
Sitjeplassar 322[1]
Kart
Ålen kyrkje
62°50′38″N 11°17′07″E / 62.8438°N 11.2852°E / 62.8438; 11.2852
Wikimedia Commons: Ålen kyrkje

Ålen kyrkje står i Ålen i Holtålen kommune i Trøndelag fylke og er ei langkyrkje frå 1881.[1]

Ho er bygd i tre i nygotisk stil.[1] Arkitekt for kyrkja var Jacob Digre.[1] Kyrkja er orientert aust-vest med koret i aust og har hovudinngang gjennom tårnfoten i vest. Nord og nordvest for kyrkja er det gravplass.

Kyrkja ligg på nordsida av Fylkesveg 30.

Ålen kyrkje er soknekyrkje i Ålen kyrkjesokn i Gauldal prosti i Den norske kyrkja.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Altertavle[endre | endre wikiteksten]

Altertavla er måla av Carl Fridtjof Smith.[1] Ho er frå innviingsåret og er ein kopi etter Rubens.[1] Motivet er krossfestinga.[1]

Preikestol[endre | endre wikiteksten]

Preikestolen er laga av arkitekten for kyrkja, Jacob Digre, og er i tre.[1]

Døypefont[endre | endre wikiteksten]

Døypefonten er frå 1650 og er i messing.[1] Kyrkja har to døypefontbekken frå 1789. Dei er også i messing.[1]

Kyrkjeklokker[endre | endre wikiteksten]

Det er to kyrkjeklokker i kyrkja. Den eldste er frå 1736, den andre er frå 1907.[1] Klokka frå 1907 er laga ved Bakklandets støperi og har innskrifta «Land, land høre Herrens ord».[1]

Tidlegare kyrkjer i Ålen[endre | endre wikiteksten]

Haltdalen stavkyrkje står no på Sverresborg i Trondheim. Vestportalen, som er den lengst til venstre av dei tre på biletet, er frå Ålen stavkyrkje. Dei to stavkyrkjene vart begge rivne i samband med at det vart bygde nye kyrkjer i 1881.
Foto: J. Morten Dreier

Den noverande kyrkja erstatta ei stavkyrkje frå mellomalderen. Delar av stavkyrkja vart nytta då nabokyrkja Haltdalen stavkyrkje skulle setjast oppatt på museum i Trondheim på slutten av 1880-åra.[2] Vestportalen, dørbladet og vestveggen i Haltdalen stavkyrkje stammar frå Ålen stavkyrkje.[2][3] Portalen har halvsøyler og vassliljekapitél.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]