Ålfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sveio sett austover frå lufta. Fjorden i bakgrunnen er Ålfjorden.

Ålfjorden er ein 27 km lang sidefjord til Bjoafjorden og Hardangerfjorden langs fylkesgrensa mellom Vestland og Rogaland i kommunane Sveio og Vindafjord (tidlegare Ølen kommune). Den inste delen av fjorden ligg i Tysvær kommune.

Fjorden har innløp i nord mellom Bjoaneset ved bygda Svolland i aust og Kvitanes på Tittlesnes i vest. Fjorden går så rett sørover og eit stykke inn i fjorden ligg Årvik i ei bukt på austsida. 5 km lenger inn i fjorden ligg Vikebygd på austsida ved vika Vikevik. På vestsida ligg berre dei mindre bygdene Framnes, Oa og Erve.

Ved Erve strekker Ervebukta seg 3 km vestover og er nesten som ein liten sidefjord å rekne. På det smalaste er bukta berre 25 meter brei og her kryssar fylkesveg 1 over ei 55 meter lang bru. Innløpet til Ervebukta heiter Ervesundet og 2 km lenger sør snur Ålfjorden brått vestover og deler seg så i fleire greiner. Nordover går ei rekkje vågar. Vågavågen går nordover til Storevågen. Sør for Vågavågen går Nordre Vågen rett vestover, medan Søre Vågen går sørvestover. Sør for Søre Vågen ligg Fjonvika ved Fjon. Sjølve Ålfjorden snur rett sørover att og inn til Sunnfør i Tysvær. Den inste delen av fjorden vert kalla Sundførfjorden.