Ålfoten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For fjorden med same namn sjå Ålfotfjorden
Ålfoten
stad
Ålfoten.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Bremanger
Postnummer 6737
Preposisjon i Ålfoten

Ålfoten
61°50′20″ N 5°40′28″ E

Ålfoten er ei bygd i Bremanger kommune og ligg på sørsida av Nordfjorden. Bygda består av dei fire bygdelaga Førde (Føre), Sigdestad, Myklebust og Vik og har om lag 200 innbyggjarar.

Bygda har barneskule, barnehage, daglegvarebutikk og kyrkje. I Ålfoten ligg to kraftstasjonar, Åskåra og Yksneelvane.

I sørvest ligg Ålfotbreen, og aust for denne ligg Gjegnalundsbreen. På sørsida av Ålfotfjorden ligg fjella Høgefjellet, Bukkenibba og Blånibba (Gjegnen). Nord for bygda ligg fjella Nakken, Kårnyken, Kvasshornet og Klakegga. Bygda har tre dalar, Førdsdalen, Sigdestaddalen og Myklebustdalen. I Førdsdalen ligg vatna Osvatnet, Vasslidvatnet og Urvatnet. Lengst ute i dalen ligg Store Førsvatnet, eller Hjelmevann som det blir kalla i Svelgen.

Bygda har veg gjennom Myklebustdalen til kommunesenteret Svelgen, til Ytre Bremanger via den undersjøiske Skatestraumtunnellen under Skatestraumen og til nordsida av Nordfjorden med ferja Isane-Stårheim.

Bilete[endre | endre wikiteksten]