Ålgård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ålgård
tettstad
none  Ålgård stasjon, som no er nedlagd.
Ålgård stasjon, som no er nedlagd.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Gjesdal
Folketal ca 9 000 (2015)
Postnummer 4330 ÅLGÅRD
Preposisjon Ålgård

Ålgård er kommunesenteret i Gjesdal kommune i Rogaland fylke. Tettstaden ligg 10 km sør for Sandnes der Figgjoelva renn ut av Edlandsvatnet. I tillegg til gamle Ålgård sentrum kan no Bærland, Fiskebekk, Opstad og Solås reknast som ein del av tettstaden. Rundt rekna 9000 av dei 10 208 innbyggjarane i kommunen bur på Ålgård.

Ålgård voks fram kring De Forenede Ullvarefabrikker (DFU). Fabrikken vart grunnlagd av haugianaren Ole Nielsen i 1870. Fabrikken låg før dette på Eikeland i Sandnes, men vart flytta til Ålgård. På Ålgård kunne ein nytta vasskraft til å driva maskinar. I tillegg ligg Ålgård i eit område med mange gardbrukarar. Mange av gardbrukarane driv med sauehald. Slik var ikkje vegen lang for å skaffa ull. Ole Nielsen nøgde seg ikkje berre med å byggja ein fabrikk. I tillegg gjorde han opptak til ein skule og Ålgård kyrkje.

Ålgårdbanen vart opna i 1924. Banen gjekk mellom Ålgård og Sandnes, og var meint som ein del av Sørlandsbanen. Traséen vart utsprengd til Kyllingstad i retning Vikeså, men Stortinget omgjorde vedtaket om ein indre trasé og la banen om Jæren.

Fabrikken er lagd ned, men bygningane vert bruka til kjøpesenteret (Magneten) og bibliotek (Veveriet). I dag har Ålgård industri gjennom mellom anna Jæder. I 1986 opna fritidsparken Kongeparken.

Fotballklubben Ålgård FK har mange medlemer. Gjesdal IL har i fleire år gjort det skarpt i Holmenkollstafetten.