Ålhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ålhus kyrkje i Ålhus i 1926, foto av Anders Beer Wilse

Ålhus er ei grend i Jølster kommune. Her førte mellom anna Audun Hugleikson opp ei borg i stein på 1200-talet. Bygda ligg på nordsida av Jølstravatnet, i opninga av Ålhusdalen, om lag midt mellom Skei og Vassenden.

Eikaasgalleriet ligg på Ålhus, og kunstnaren Nikolai Astrup voks opp på den gamle prestegarden i grenda. Ålhus kyrkje, som er den eldste kyrkja i kommunen, ligg også her. Næringslivet i bygda er dominert av jordbruk.