Hopp til innhald

Ålvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ålvik
tettstad
Elkem Bjølvefossen i Ålvik
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvam
Areal 0,66 km²
Folketal 421  (2024)
Folketettleik 638 / km²
Postnummer 5614 ÅLVIK
Preposisjon i Ålvik
Kart
Ålvik
60°25′57″N 6°25′54″E / 60.4325°N 6.4316666666667°E / 60.4325; 6.4316666666667
Wikimedia Commons: Ålvik, Kvam

Ålvik er ein tettstad og eit sokn i Kvam herad i Hardanger, ved fylkesveg 7 om lag 25 km køyring aust for Norheimsund og 30 km vest for Hardangerbrua. Ålvik er eigentleg eit samlenamn på to bygder på kvar si side av ein åsrygg, Ytre Ålvik i vest og Indre Ålvik i aust, men sjølve tettstaden omfattar berre Indre Ålvik.[1]

Geografi og naturtilhøve

[endre | endre wikiteksten]

Ålvik ligg på nordsida av Hardangerfjorden, langs det djupaste stykket av fjorden.[2] Berggrunnen i Ålviksområdet er hovudsakleg gabbro og granitt frå Bergsdalsfeltet.[3] Vegetasjonen langs fjorden er mest edellauvskog rik på almetre. Høgare opp finn ein furuskog og fjellbjørkeskog.[4] Bygda huser fleire bestandar av orkideen kvit skogfrue[1] og eit naturreservat der det finst ein særskilt rik førekomst av barlind.[5]

Namnet Ålvik kjem truleg av gammalnorsk ǫlr - older, or og vik.[6] Det har vore busetnad i området som utgjer Ålvik minst frå 6-700 år f.kr. Det er funne gjenstandar i bronse i området Vikedal som er daterte til denne tida.[7] I mellomalderen høyrde Ålvik til godset til garden Norheim i Norheimsund.[8]

Indre Ålvik vart ein industristad frå 1905 då smelteverket Bjølvefossen A/S starta opp.[9] Drifta har grunna seg på vasskraft frå Bjølvo kraftverk.[10] Bygda fekk vegtilknytting til Bergen i 1937, då Fyksesundbrua vart opna.[11] Bjølvefossen A/S er no overtatt av Elkem og heiter Elkem Bjølvefossen.Elkem blei seld til kinesiske eigarar hausten 2010.[12]

Indre Ålvik, med Bjølvefossen i forgrunnen
Ålvik kyrkje

Ålvik sokn

[endre | endre wikiteksten]

Ålvik har alt frå mellomalderen høyrt til Øystese sokn. Bygda fekk si eiga kyrkje i 1962, og er no eit sokn for seg sjølv med om lag 650 innbyggjarar.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
Folketalsutvikling i Ålvik tettstad
År Innbyggjarar
1920
 
380
1930
 
645
1946
 
796
1950
 
920
1960
 
1 113
1970
 
1 061
1980
 
839
1990
 
695
2000
 
647
2009
 
575
2012
 
566
Kjelder:

Kjende personar frå Ålvik

[endre | endre wikiteksten]
  • Frode Aga (f. 1955) - kokk
  • Erik Fossåskaret (f. 1947) - faglitterær forfattar og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 Frank Tangen. «Ålvik» (html). Heradets vevsider. Kvam Herad. Henta 10. juli 2012.
  2. Helland-Hansen (red.), side 64
  3. Helland-Hansen (red.), side 2 og 3
  4. Helland-Hansen (red.), side 140 og 570-571
  5. «FOR 2000-10-13 nr 1023: Forskrift om freding av Barlindflaten som naturreservat, Kvam kommune, Hordaland.» (html). Lovdata. Henta 10. juli 2012.
  6. Brekke (red.), side 368.
  7. Brekke (red.), side 369.
  8. Brekke (red.),side 371.
  9. Store norske leksikon
  10. Store norske leksikon
  11. Brekke (red.), side 88.
  12. Elkem si heimeside, arkivert frå originalen 15. mars 2015, henta 14. november 2013

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]