Åmdals Verk gruver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åmdals Verk gruver
StadTokke kommune
Kart
Åmdals Verk gruver
59°22′16″N 8°01′59″E / 59.371111111111°N 8.0330555555556°E / 59.371111111111; 8.0330555555556

Åmdals Verk gruver er eit museum for arbeidarkultur og gruvedrift i Vest-Telemark. Museet ligg på Åmdals Verk i Tokke kommune, ved vegen mellom Vrådal og Dalen, og er ein del av Vest-Telemark Museum.

Museumsbygget er ein rekonstruksjon av det gamle skeidehuset i verket. Her er teikningar, bilete, kart, bøker og ulike reiskapar frå historia til koparverket. Vidare er det modellar av eldre bygningar og arbeidssituasjonar som gjev innsyn i drifta gjennom 400 år.

Gjestar får av omvisarar tilbod om ei gruvevandring som viser synkar, strosser og tilhøve gruveslusken arbeidde under. Åmdals Verk Gruver er òg eit lokalt geologisenter. Gruveområdet er omgjeve av attraktiv natur, turstigar og er rikt på ulike typar mineral.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Soga om koparverket i Åmdal går attende til 1540, då kong Kristian 3. av Danmark/Noreg sendte tyske bergmenn til Telemark for å skipe gruvedrift. Det første bergverket vart kalla Moisesberg.

Malmgangane på Åmdals Verk vart funne i 1689. Kopparverket har ei innfløkt soge med drift, stillstand og skiftande eigarinteresser. Gruvene var hjartet i ei urbanisert fjellbygd der kvardagen til gruvearbeidarane var avhengige av gode førekomstar av malm og politiske forhold ute i Europa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]