Åmlisteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Åmlisteinen var ein runestein som stod ved Åmli kyrkje i Aust-Agder.

Steinen er første gong nemnd av biskop Wegner i 1639. Han stod då på sørsida av kyrkja ved kyrkjegardsporten. Wegner laga òg ei teikning av innskrifta. I 1805 vitja Martin Friedrich Arendt staden og laga ein ny dokumentasjon av steinen. Men i 1826 meldte Jens Edvard Kraft at ved bygginga av ny kyrkje nokre år tidlegare vart steinen slått i stykke og brukt i grunnmuren. Ifølgje Wegner og Arendt sine teikningar skulle innskrifta vera:

... r e i s t i : s t e i n : þ e (n a) : e (f t) i r : h i k ....

På norrønt vert det: (...) reisti stein þena eptir (...)

Og på moderne norsk: «(...) reiste denne steinen etter (...)»

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Magnus Olsen: Norges innskrifter med de yngre runer, bd. III, Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. Oslo 1954 s. 1 - 3.