Åmot kyrkje i Nord-Torpa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Åmot kyrkje
kyrkje
AamotkirkeTorpa2.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommune Nordre Land
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Hadeland og Land
Sokn Torpa
Fellesråd Nordre Land
Innvigd 1823
Takryttar ja
Klokker 1821 og 1823
Kyrkjegard Ved kyrkja
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1979
Sitjeplassar 700
Wikimedia Commons: Åmot kirke (Nordre Land)

Åmot kyrkje i Nord-Torpa er ei verna åttekantkyrkje (kyrkje med åttekanta grunnplan) frå 1823 i Nordre Land kommune i Oppland, i Torpa sokn i Hadeland og Land prosti i Hamar bispedøme. Kyrkja er bygd i tre, har galleri i to høgder og til saman 700 sitjeplassar (Rasmussen oppgir 800[1] . Preikestolen er plassert over altaret i ein kombinasjon som ofte vert kalla preikestolaltar. Truleg har sokneprest (og astronom) Abraham Pihl stått for teikninga av kyrkja, men det kan òg vere at ho er bygd med Vang kyrkje i Hamar som førebilete.

Ifølge Alm blei Gamle Hunn kyrkje (1821), Jevnaker kyrkje (1834) og Åmot kyrkje (1823) utforma etter mønster av Vang kyrkje ved Hamar. Byggmester Svend Aspås frå Røros laga truleg modellen som blei send i ein sekk til Torpa då Åmot kyrkje skulle byggast. Alm reknar med at samme modell blei brukt for Hunn og Jevnaker.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. ISBN 82-7527-022-7.
  2. Alm, Jens M. (1982). Vest-Oppland og Valdres. Oslo: Gyldendal. ISBN 8205131937. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]