Åmot prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°8′30″N 11°22′22″E

Hovudbygningen
Foto: Riksantikvaren
Borgstove ved prestegarden
Foto: Riksantikvaren

Åmot prestegard ligg på austsida av Koppangveien på Rena, eit stykke nord for stasjonen og kyrkja.

Hovudbygningen ligg heilt i sør på prestegardsområdet, medan driftsbygningen i aust strekkjer seg eit stykke nordover. Vest på tunet er borgstove (sidebygning), vognskjul og forpaktarbustad.

Hovudbygningen er ein tømmerbygning i to etasjar med panel som ein trur vart oppført midt på 1800-talet. Borgstova er rekna for å vere frå overgangen mellom 1700- og 1800-talet. Desse to bygningane er freda.[1]

Prestegarden har i periodar vore brukt til andre førermål enn prestebustad, t.d. ungdomsklubb, og har bore preg av slitasje.[2]

Prestegarden vart sist brukt som prestebustad i 2014, og vart lagt ut for sal i 2015.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kulturminnesøk.
  2. Kristin Søgård (2007). «Prestegården er en skammens gård». Østlendingen. 
  3. Kristin Søgård (2015). «Selger Åmot prestegård». Østlendingen.  (Sjå òg pressreader.com.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]