Ångermanälven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ångermanälven
elv
Land  Sverige
Nedslagsfelt 31 864,0 km²
Lengd 460 km
Vassføring
 - middel 485 /s
Munning Bottenviken
 - koordinatar 62°48′N 17°56′E / 62.800°N 17.933°E / 62.800; 17.933
Kart
Ångermanälven
64°39′03″N 16°30′08″E / 64.6508°N 16.5021°E / 64.6508; 16.5021
Wikimedia Commons: Ångermanälven

Ångermanälven er ei 490 km lang elv, som renn gjennom nordre Sverige. Ho er den tredje mest vassrike elva i Sverige (485 m³/s) og har eit nedslagsfelt på 31 864 km²

Kjeldene til Ångermanälven ligg ved Børgefjell på grensa til Noreg. To forskjellige elvar renn saman nordvest for Sollefteå. Ved den nordre elva ligg stadane Åsele og Vilhelmina som to av dei større stadane nær elva. Strömsund er ein av dei større stadane som ligg ved det søndre løpet til elva.

Ho flyt gjennom Lappland, nordre Jämtland og Ångermanland og har mange store kraftverk. Dei viktigaste fossane er Forsmoforsen, Nässundforsen og Granvågsforsen. Ho munnar ut i Bottenhavet nord for Härnösand.

Dei viktigaste sideelvane er Vojmån, Fjällsjöälven og Faxälven.

Nedstraums Junsele (ned til Bottenhavet) vert dalføret til Ångermanälven ofte kalla Ådalen. Nedanfor Nyland i Kramfors kommun dannar Ångermanälven ei lang, brei munningsvik med to kjende bruer: Sandöbron og Högakustenbron.

Högakustenbron over Ångermanälven i Kramfors kommun
Foto: Tage Olsin

Oversikt over sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Sideelvoversikta nedanfor går frå munningen i havet til kjeldene. Respektive vassdrag sine kjeldeelvar vert skrive med (*):

Kjelder[endre | endre wikiteksten]