Åpen post

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åpen post
TypeUnderhaldningsprogram
SjangerTalkshow
OpphavslandNoreg
Introduksjonsår1998
Sesongar4
Episodar69
SpråkNorsk
SkaparHarald Eia, Bård Tufte Johansen
ProgramleiarBård Tufte Johansen, Harald Eia
MedverkandeGass
KanalNRK1

Åpen post var eit norsk talkshow som gjekk på NRK1 frå 1998 til 2001 og vart leia av Bård Tufte Johansen og Harald Eia. Programmet hadde premiere tysdag 20. januar 1998.

I fyrste sesong vart det vist tre sendingar i veka, medan ein i andre sesong gjekk ned til to sendingar. I tredje og fjerde sesong vart programmet kutta ned til ei sending i veka.

Programmet fekk gode meldingar av kritikarane og vann Gullruten i 1998 og 1999 for «Beste humorprogram». Programmet vart nominert til Gullruten for beste «Beste humorprogram/situasjonskomedie» i 2001,[1] og for «Beste underholdningsprogram» i 2002.

Programmet[endre | endre wikiteksten]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Programmet vart opna med ein monolog av programleiar Bård Tufte Johansen. Deretter var det ulike innslag med både karakterar spelt av Tufte Johansen og Eie, i tillegg til andre. I starten av fyrste sesong hadde programmet to gjestar som var intervjua kvar kveld, medan ein i andre halvdel varierte med talet på gjestar. I nokre program var det musikalske innslag med artistar.

Faste innslag[endre | endre wikiteksten]

«Jarle Yggeseth»[endre | endre wikiteksten]

Egil Birkeland i karakteren «Jarle Yggeseth» var eit innslag med jamne mellomrom i Åpen post.[2][3] Fyrste gong karakteren vart vist, var i den fyrste episoden og i innslaget «Vis meg ditt medisinskap».

Stand-up[endre | endre wikiteksten]

Tufte Johansen og Eia gjorde med jamne mellomrom stand-up som ulike karakterar, blant anna Tufte Johansen som «Ketil Mosleth» og Eia som «Thomas-Andre»

Episodar[endre | endre wikiteksten]

Sesong 1[endre | endre wikiteksten]

Nummer Visning Gjestar Artist/underhaldning
1 20. januar 1998 Thomas Giertsen, Kjersti Holmen
2 21. januar 1998 Are Kalvø, Camilla Strøm Henriksen
3 22. januar 1998 Erik Thorstvedt, Espen Thoresen
4 27. januar 1998 Daniel Franck, Kaia Huuse
5 28. januar 1998 Maj Britt Andersen, Åsleik Engemark
6 29. januar 1998 Harald Zwart, Arne Hjeltnes
7 3. februar 1998 Unni Wilhelmsen, Ole Rune Hætta
8 4. februar 1998 Petronella Barker, Finn Bjelke
9 5. februar 1998 Bjørn Eidsvåg, Rune Andersen
10 10. februar 1998 Gry Olsen, Steinar Lyse
11 11. februar 1998 Iren Reppen, Atle Antonsen
12 12. februar 1998 Cathrine Gerkhen, Siri Kalvig
13 17. februar 1998 Vibeke Saugestad
14 18. februar 1998 Ulf Risnes
15 19. februar 1998 Benedicte Adrian
16 3. mars 1998 Lars Lillo-Stenberg Lars Lillo-Stenberg - Ziggy Stardust
17 4. mars 1998 Edel Therese Høiseth
18 5. mars 1998 Ronni Le Tekrø Ronni Le Tekrø - Ronnijam
19 10. mars 1998 Kåre Conradi
20 11. mars 1998 Jens Stoltenberg
21 12. mars 1998 Anne Marie Foss
22 17. mars 1998 Anneli Drecker Anneli Drecker - Knowing Me, Knowing You
23 18. mars 1998 Helen Vikstvedt
24 19. mars 1998 Herborg Kråkevik
25 24. mars 1998 Kristin Clemet
26 25. mars 1998 Aslak Dørum, Prepple Houmb, Ingar Dalsvåg
27 26. mars 1998 Kenneth Sivertsen (klippet vekk), Harald Eia
28 31. mars 1998 Susann Goksør Bjerkrheim Knut Reiersrud
29 1. april 1998 Erlend Loe
30 2. april 1998 Per Øyvind Heradstveit Jo Nesbø - I´m not your stepping stone

Sesong 2[endre | endre wikiteksten]

Bård Tufte Johansen var programleiar for Åpen post.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Sjåartal[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste sesongen av Åpen post opna med 151 000 sjåarar.[4] Programmet hadde sjåarrekord i fjerde sesong med 622 000 sjåarar.[5]

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Programmet fekk kritikk for fleire av innslaga i programmet, blant anna eit stunt der Tufte Johansen var ikledd eit kyllingkostyme, og kuppa nyhendesendinga til TV 2.[6][7] Stuntet førte til sjåarrekord for programmet med 622 000 sjåarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Moen, Per Steinar (9. mai 2001), «NRK-dominans i Gullruten», Dagbladet.no (på norsk), henta 5. juni 2019 
  2. Holmene, Guro, «Narko-Jarle gjør comeback», Nettavisen (på norsk), henta 5. juni 2019 
  3. Holtvedt, Tarje (30. januar 1998), «TV-junkie», Dagbladet.no (på norsk), henta 5. juni 2019 
  4. https://www.vg.no/rampelys/tv/i/bK59ad/gjensyn-med-aapen-post
  5. «Kakling ga seerrekord», www.bt.no (på norsk), henta 5. juni 2019 
  6. Eriksen, Kent-Amar (15. januar 2012), «10 år siden «Kyllingstuntet»», NRK (på norsk bokmål), henta 5. juni 2019 
  7. «Åpen post verdifull for NRK», journalisten.no (på norsk), 17. januar 2002, henta 5. juni 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]