Åptafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Åptafjorden er ein fjordarm av Lyngdalsfjorden i Farsund kommune. Han strekkjer seg 9 km nordvestover frå innløpet, om lag halvvegs inn i Lyngdalsfjorden mellom Lyngdal og sjølve Farsund, til bygda Drange inst i Drangsfjorden, som er ein fjordarm. Drangsfjorden stikk seg inn om lag 4 km nordaustover, om lag 2 km før Åptafjorden når enden ved bygda Åpta. Like utanfor Åpta ligg Åptøya, den største øya i fjorden.

På vestsida av fjorden, nesten rett ovanfor innløpet til Drangsfjorden, ligg bygda Herad ved Sandsbukta.