År

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit år er i utgangspunktet den tida det tar jorda å gå ein runde rundt sola. Andre planetar har òg år, som til dømes eit marsår. Ein kan rekna år på ulike vis, som ved å telja årstider eller årlege hendingar, eller rekna ut korleis jorda rører seg i høve til sola og stjernene. Det er vanleg å feira ulike årsmarkeringar, som nyttår når ein reknar med at eit nytt år tek til, og fødselsdagar på årsdagen for ein fødsel. Andre jubileum markerer årsdagen for andre hendingar.

Ulike år[endre | endre wikiteksten]

Årstidsår er unøyaktige, men kan vera gode nok i jordbrukssamfunn der ein har stabilt klima. Utrekna år er meir nøyaktige, men dersom ein gjer ein liten feil vil datoane etter kvart ikkje stemma med årstidene.

Eit tropisk år, som er tida mellom kvar gong aksen på jorda står i same vinkel til solplanet, har i snitt 365.24218967051 dagar.

Eit år i den gregorianske kalenderen har 12 månader og 365 dagar. Eit skotår har 366 dagar. I snitt har det gregorianske året 365,2425 dagar.

Eit stjerneår (eller siderisk år) er tida jorda bruker mellom to «passeringar» i forhold til stjernene. I snitt er stjerneåret 365,256363051 dagar, som vil seie at eit stjerneår er om lag 20 minutt og 24 sekund lengre enn eit tropisk år.

Måneår baserer seg på måneomløp, og strenge måneår med berre tolv månader er derfor noko kortare enn solår. Det muslimske året er basert på eit 12-månaders måneår.

Eit lunisolart år er ein variant av måneåret der ein legg til ein trettande månad i nokre av åra for å sikre at årsrekninga stemmer med solåret. Eksempel på lunisolare år finn vi i dei jødiske og hinduiske kalendrane.

Tidsrekningar[endre | endre wikiteksten]

Tida vert i vestleg kultur oftast rekna i år med utgangspunkt i det året det vart rekna med at Jesus vart fødd. År føre Jesu fødsel vert oftast forkorta «f.Kr.» (t.d. år 154 f.Kr.), men nemningane «føre vestleg tidsrekning» og «føre vår tidsrekning» blir òg ein del bruka. Desse blir forkorta «fvt.» (t.d. år 154 fvt.). Åra etter Jesu fødsel vert normalt berre skrive som tal (til dømes år 1970). År 0 finst ikkje i den klassiske vestlege tidsrekninga.

Andre tidsrekningar kan telja år frå ei anna viktig hending, til dømes frå regjeringstida til ein herskar eller kva tid ein meiner verda blei skapa.

I mange kalendersystem let ein òg vere å telje år, og gjev dei i staden namn etter eit visst mønster.


Måleiningar for tid
mikrosekund << millisekund << sekund << minutt << kvarter << time << dag << døgn<< veke << månad << kvartal << år << tiår