Åraksbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Åraksfjorden til høgre, Segberg oppe til venstre, Nordenå i framgrunnen.
Foto: Olav Haugetveit

Åraksbø er ei bygd som ligg på austsida av Åraksfjorden i Sandnes sokn, 6 km sør for Ose og 15 km nord for tettstaden Bygland i Bygland kommune i Agder fylke. Åraksbø fell naturleg i tre delar: Bygda, Gardan og Kleivegrend. Gardan er nordbygda og følgjer Hovassåne frå Nordenåbrua til Haugetveit, som ligg fire kilometer langs vegen opp frå bygda. Kleivegrend høyrer til sørbygda og ligg på sørsida av juvet som Hovassåne har grave ut. Frå bygda til Rosevall og Fossli, som er endepunkt for postvegen, er det om lag 3 km. Folk frå Åraksbø vert kalla ein «årakke» med lokal uttale. Altså ein «årakk». I 2011 budde det totalt 82 menneske i Åraksbø og på Sandnes.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]