Årbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Årbø
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 57

Årbø eller Aarbø er ein gard sør i Fitjar kommune.

Garden ligg mellom Stordfjella i aust og Storavatnet i vest. I sør ligg nabogardane Liarbø og Røydland, medan Tveita ligg i nord.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1300-talet vart gardsnamnet skrive Am, som er dativ fleirtal av Å som i elv. Seinare vart garden rydda på nytt og fekk namnet Årbø. Dette tyder på at garden låg øyde ei stund seinmellomalderen. Elvene som namnet syner til er Røydlandselva, som garden ligg ved, og Tveitaelva.

Årbø hadde same eigarar som Liarbø og Sæterbø fram til 1837, då eine brukaren tok over ein del av garden. I 1879 gjekk resten av garden til brukarane, som sidan då har vore sjølveigarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]