Årbok for Glåmdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Årbok for Glåmdalen var ei årbok med lokal- og kulturhistorisk stoff frå Glåmdalen som Austmannalaget ga ut mellom 1941 og 1992. Ho kom ut kvart år fram til 1984 og så i 1987, 1990 og 1992. I føreordet til første band heiter det at føremålet med boka er å nøre kjærleiken til heimemiljøet gjennom «innleving i vår eigen kulturarv, for der finn vi dei livsens grokrefter som kan hjelpe oss fram til å bli frigjorte, sjøltrygge menneske ...Vi skal vekke østerdølane, solungane og odølingane nasjonalt og styrke samkjensla»[1]. Håvard Skirbekk var redaktør for årboka frå 1941 og fram til han døydde i 1983.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Austmannalaget. Vårt norske morsmål : Austmannalaget 1899-1959. Elverum: Opplandske målkontor, 1959. 13