Årdal kyrkje i Sogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Årdal kyrkje
kyrkje
Foto: Stray Croc
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Årdal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Nedre Årdal
Fellesråd Årdal
Stad Årdalstangen 
Type Langkyrkje
Arkitekt Christian Christie
Material Tre
Innvigd 19. desember 1867
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 400
Kart
Årdal kyrkje i Sogn
61°14′17″N 7°42′26″E / 61.238133691379°N 7.7071141262502°E / 61.238133691379; 7.7071141262502
Wikimedia Commons: Årdal kirke

Årdal kyrkje står på Årdalstangen i Årdal kommune i Vestland og er ei langkyrkje i tre frå 1867. Ho er teikna av Christian Christie og har ei utforminga påverka av stavkyrkjene.[1] Kyrkja erstatta Årdal stavkyrkje frå 1100-talet, som då var i dårleg stand og for lita.

Årdal kyrkje i Sogn is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Årdal kyrkje

Altartavla frå 1935 er laga av Dagfinn Werenskiold.[2]

Årdal kyrkje er soknekyrkje for Nedre Årdal sokn i Sogn prosti. Fram til 1970 var ho einaste kyrkja i prestegjeldet, då stod Farnes kyrkje ferdig i Øvre Årdal og prestegjeldet vart deld i to sokn, Øvre Årdal og Nedre Årdal. Årdal vart skild ut som eige prestgjeld i 1863, tidlegare hadde området høyrd til Lærdal prestegjeld. Ordninga med prestegjeld vart fasa ut frå 2004 og det er no prosten i Sogn prosti som leiar prestetensta i Årdal.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Årebru, Hæreid & Skrede, 1967, s. 8
  2. Årebru, Hæreid & Skrede, 1967, s. 19

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Årdalstangen, bilete teke mellom 1939 og 1949
Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]