Årdal og Sunndal Verk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) vart oppretta som eit statleg aluminiumselskap i 1946 og fekk i oppgåve å bygge ferdig tyske anlegg i Årdal kommune.

Drifta starta i 1948. I 1951 avgjorde Stortinget at det skulle byggjast aluminimusverk på Sunndalsøra og selskapet fekk då det noverande namnet. I 1954 starta aluminiumproduksjonen i Sunndal. Selskapet hadde òg fabrikker i mellom anna Høyanger og Holmestrand. I 1967 kjøpte det kanadiske aluminiumskonsernet Alcan halvparten av aksjane i ÅSV, medan Den norske staten vart største enkeltaksjonær i Alcan. Halvparten av aksjane til Alcan i ÅSV vart kjøpt tilbake av Staten i 1974, og dei resterande aksjane vart kjøpt i 1979.

ÅSV vart i 1986 fusjonert med lettmetalldivisjonen til Norsk Hydro og det nye selskapet fekk namnet Hydro Aluminium.

I 2006 vart det vedteke at fabrikken skulle leggjast ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Årdal og Sunndal Verk» i Caplex.