Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen
Utsjånad
| Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen | |||
| Trasé | Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen | ||
|---|---|---|---|
| Rutenett | Tidlegare ferjesamband i Indre Sogn | ||
| Driftselskap | Fylkesbaatane | ||
| Oppretta | 1966 | ||
| Nedlagd | 1993 | ||
| Overtok for | Årdalstangen-Lærdal/Kaupanger | ||
| Erstatta av | Kaupanger-Fodnes, Kaupanger-Revsnes-Gudvangen | ||
Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen var eit ferjesamband i Indre Sogn mellom Årdalstangen i Årdal kommune, Kaupanger i Sogndal kommune, Revsnes i Lærdal kommune og Gudvangen i Aurland kommune. Sambandet vart til i 1966 då ferjesambanda i Indre Sogn vart lagde opp på nytt med at nye Revsnes ferjekai erstatta gamle Lærdal ferjekai.
Sambandet var lågfrekvent med lang overfartstid, men gav eit direkte rutetilbod mellom europavegen i Gudvangen og industrien i Årdal fram til Årdal fekk vegutløysing til Fodnes i 1993.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 75. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Vegutløysing for Årdal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |