Åre bergbana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den eine vogna ved haldeplassen langs kryssingssporet midtvegs.

Åre bergbana er ei 790 meter lang kabelbane i Jämtland i Sverige, mellom torget i tettstaden Åre og Fjällgården oppe i høgda over tettstaden, 556 meter over havet. Høgdeskilnaden mellom nedre og øvre stasjon er 158 meter.

Bygginga av kabelbana tok til i 1908, og bana vart opna 7. mars 1910.

Kabelbana har to vogner som kvar tek 60 passasjerar, og har plass for frakt av ski og anna utstyr, då Åre er ein kjend vintersportsstad. Farta er om lag 7,5 kilometer i timen, og turen tek 8 – 10 minutt, medrekna eit stopp ved ein haldeplass langs kryssingssporet midtvegs, 470 meter over havet.