Årestove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Årestove frå Tolstadskriden i Vågå, bygd i 1770-åra. I dag på Maihaugen i Lillehammer

Årestove eller årestue er eit tradisjonelt bustadhus utan pipe, men med open eldstad (åre) midt på golvet i stova og med avtrekk for røyken gjennom ein opning (ljore) i taket.

Åre i årestove frå Setesdal frå 1700-talet. Illustrasjon frå Eilert Sundt si Om Bygnings-skikken paa Landet i Norge frå 1862.

Årestove er ei type røykstove.[1] Før husa vart bygd med røykomn eller peis, var årestovene den normale hustypen i norske byar og bygder og vart berre kalla stove. Ordet «årestove» er ei nylaging som kom i bruk etter at stovene kom på museum og husa vart klassifiserte etter eldstadane sine.

Den mest kjente årestova som framleis er bevart er truleg stova frå Åmlid i Valle i Setesdal, som i dag står på Norsk Folkemuseum. Det er ei lafta stove av treromstypen med inngang nær enden på den eine langveggen til ei forstove, dør inn til sjølve stova med åren og dør frå her inn til koven bakom. Stova er forsynt med svalgang på framsida.

Åren er midt i stova, oppmurt noko over golvet. I regnvêr vart åren tildekka med ein lem eller ein tynn hud spent over ei ramme. Lemmen kunne flyttast med ljorestanga som hang ned frå taket. På den sida av åren som vender mot døra, er det reist ei helle på høgkant (blekksteinen) for å ta av for trekken. Høg dørstokk og moldbenkar langs veggane medverka òg til å redusere golvtrekken.

Åmlidstova er bygd på siste halvdel av 1600-talet. Årestover er like gamle i Noreg som sjølve lafteteknikken og går tilbake til førkristen tid. Det vart bygd årestover i Setesdal og i andre bygder til langt inn på 1700-talet og nokre har vore i bruk året rundt fram mot midten av 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vestlandets historie, band 2 (Samfunn). Bergen: Vigmostad & Bjørke, 2006.