Årmod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Årmod (norrønt Ármóðr) var ein islandsk skald som levde på 1100-talet på Orknøyane.

Vi kjenner til denne skalden berre frå det som er fortalt om han i Orknøyingasoga[1] (kap. 85, 86 og 88). Ein haust, truleg 1148, kom han, saman med skalden Odde Litle, til Ragnvald Kale Kolsson jarl på Orknøyane. Dei vart godt mottekne og jarlen gjorde dei til hirdmenn. Under eit stort julegjestebod fekk Årmod eit gullslege spjot i gåve av jarlen, og Årmod gjorde då dette diktet[2]:

Eigi metr inn ítri
allvaldr gjafar skaldi
Yggs við aðra seggi
élstœrir mér fœra.
Snjallr bar glæst með gulli
grundar vǫrðr at mundum
buðlungr nýztr it bezta
blóðkerti Ármóði.
Den herlege hovding,
som heren fører,
lét ikkje andre
løna skalden;
heimjords-trygdaren,
budlungen hæve,
gav Årmod i gåve
eit gullslege sverd.
(norsk omsetjing: frå Orknøyingasoga[1])

Sumaren 1151 drog Ragnvald jarl ut frå Orknøyane med 15 storskip, for å fare på pilegrimsferd til det heilage landet. Fleire skaldar var med på ferda og mellom dei var Årmod. I Orknøyingasoga er ferda skildra over fem kapittel (86-90) og det meste handlar om sjølve reisa og berre kort om opphaldet i det heilage landet. I soga er det frå denne ferda sitert tre av dei dikta som vi har etter Årmod; lausavisene vers 2[3], 3[4], 4[5].

Det er ikkje kjent korleis det gjekk med Årmod etter pilegrimsferda, og ein veit heller ikkje når han døydde.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Lausavise av Årmod (Skaldic Project)
  3. Lausavise av Årmod – dei segla forbi Northumberland
  4. Lausavise av Årmod – om dronning Ermingjerd i Narbon (Ermengarde av Narbonne)
  5. Lausavise av Årmod – dei låg verfaste ved Kreta

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]