Årsaker til migrasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kva var årsaka til at så mange europearar drog over havet til Amerika?

Forståinga av migrasjon er dominert av såkalla neoklassisk teori. Eit sentralt moment innan dette er at kvart enkelt individ avgjer å migrere ved å vurdere såkalla «push & pull»-faktorar. Push-faktorane er dei negative faktorane som «dyttar frå seg» folk og dermed fører til ut-migrasjon, medan pull faktorane som er positive, «dreg til seg» folk og fører dermed til inn-migrasjon. Desse faktorane inngår i ei individuell rasjonell vurdering som prøver å finne den beste løysinga (migrere og kvar ein skal migrere, eller bli). (Bilsborrow 2002).

Økonomiske faktorar kan vera håp om arbeid eller betre betalt arbeid, økonomiske støtteordningar (jamfør frykta for at rike EU/EØS-land vil bli invadert av aust-europearar som går på arbeidsløysetrygd, trygd, barnebidrag osb.) eller andre økonomiske moglegheiter (til dømes betre eller meir jord). Faktorane kan vera håp om sosiale gode og støtteordningar (til dømes utdanning eller helsetenester), slekt og/eller kjærleik, kultur og samfunnsmessige forhold (til dømes ytringsfridom, likskap eller religiøs tilhøyrsle). Eller det kan vera snakk om reine miljømessige faktorar (til dømes by versus land, rein versus forureina luft, skogkledd versus slettelandskap), klimatiske (til dømes varmt eller kaldt, stabilt eller ustabilt, vått eller tørt), og positive og negative miljøendringar, som me kjem tilbake til lenger ut i teksten. Alle desse faktorane kan vera med i vurderinga i større eller mindre grad, og kva som blir oppfatta som negativt (push) eller positivt (pull), kan variere frå person til person. (Birkeland 2004).

Desse individuelle faktorane er likevel berre ei side av saka. Migrasjon er på ingen måte alltid individet sitt eige val. Ein kan bli tvungen til å flytte på grunn av statleg ekspropriering (til dømes for å byggje ein dam) eller evakuering, og valdeleg utdriving (krig, slavehandel). I utviklingsland er også ofte migrasjon ein del av ein diversifiseringsstrategi innanfor ein familie eller eit hushald. Det er heller ikkje sikkert at alle val er opne. Dersom ein fattig familie frå Mali vil til eit fuktigare område, vil det vera mykje lettare å migrere til eit anna vest-afrikansk land enn til dømes Noreg. Ikkje berre fordi det er kortare avstand og kostar mindre, men også fordi grensene til Noreg er strengt regulerte slik som dei er i storparten av den vestlege verda.

Miljøendringar som årsak til migrasjon[endre | endre wikiteksten]

Miljøendringar som kan føra til migrasjon kan delast opp i naturkatastrofar, klimaendringar og menneskelege endringar. Når endringane fører til at det blir vanskeleg å til dømes halde fram med jordbruk (utpining av jorda) eller skaffe brensel (avskoging) kan det gjera at folk ikkje klarer å brødfø seg og dermed bestemmer seg for å migrere til ein annan stad med betre moglegheiter. Naturkatastrofar som flaum og vulkanutbrot kan likeleies tvinga folk til å migrere bort frå stader der ein rett og slett ikkje kan bu. Desse ulike formene for miljøendringar kan påverke migrasjon på ulike måtar. Stillehavsøyene Niue og Tuvalu som begge er uavhengige statar er gode illustrasjonar på korleis dei tre nemnde typane miljøendring kan henge saman.

Studiar peikar på at menneskelege utslepp av klimagassar fører til ein auke i temperaturen på jorda. Dette skal føre til eit meir ustabilt klima (meir uvêr) og eit stigande havnivå. Den lågtliggjande øya Tuvalu sitt landareal minkar dermed, noko som gjer at folketettleiken aukar. Samtidig vart Niue i januar 2004 råka av ein syklon som gjorde 200 niuanarar heimlause (New Zealand Herald 2004), og førte til ut-migrasjon til New Zealand. Niue som har eit folketal på under 2000 får dermed folkemangel, noko som dei har løyst før, og ser ut til å løyse no ved å «importere» folk frå Tuvalu (ReliefWeb 2004). Slik kan altså menneskelege faktorar føre til klimaendringar som fører til naturkatastrofar som så fører til ut-migrasjon. Samtidig som statane samarbeider og stimulerer til migrasjon frå Tuvalu til Niue.

Vanlegvis vil naturkatastrofane føre til mellombels ut-migrasjon og deretter inn-migrasjon. Slik kan vulkanutbrot i første omgang vera veldig øydeleggjande, men etter mange år bidra til fruktbar jord og inn-migrasjon. Jordskjelvet i Bam i Iran har i første omgang ført til stor ut-migrasjon (UNICEF 2004), medan etterkvart som byen med hjelp frå myndigheiter og andre organisasjonar vert bygd opp att, vil den oppleva stor inn-migrasjon når folk kjem attende til heimstaden sin.

I Afrika som er eit forholdsvis stabilt kontinent med lite naturkatastrofar har dette lite å seie for migrasjon. Men her har klimaendringar i Sahel-regionen som utløyste ei såkalla «forørkning» fått folk til å flytte til fuktigare område, altså ut-migrere. Heilt sidan midten av 1980-åra ser denne trenden ut til å ha snudd slik at det no pågår ei «avørkning» og familiar som flytta, reiser tilbake (Pierce 2002). Det skjer altså ein inn-migrasjon.

Den mest aktuelle samanhengen er likevel den mellom menneskeleg skapte miljøendringar og migrasjon. Korleis dette ofte heng saman kan illustrerast slik: inn-migrasjon → miljøendringar → ut-migrasjon
Eit område kan vera oppfatta som «ubrukt» eller spesielt attraktivt og får difor inn-migrasjon. Dette kan føre til at naturressursane (altså miljøet) blir ekstensivt utnytta og etterkvart degradert på grunn av avskoging og utpining av jorda. Når jorda er så dårleg at den ikkje kan dyrkast og folk ikkje får tak i ved fører dette til ut-migrasjon. Miljøendringane er i dette tilfellet endringar som ein kan karakterisere som negative, då dei vanlegvis ikkje har nokon positive effektar.

Huambo i Angola er eit område som kan visa korleis miljøendringar kan føre til migrasjon. Dette området vart sett på som eit veldig fruktbart område av den portugisiske kolonimakta som difor satsa mykje på storskala jordbruk i provinsen i 1950- til 1970-åra. Dette medførte stor inn-migrasjon av europearar (Birkeland 2000). Det viste seg etterkvart at området ikkje var spesielt godt eigna for jordbruk, og europearane etterlet seg difor utarma land når dei reiste ved Angolas sjølvstende. I tillegg til dette har skogen gradvis forsvunne ettersom den er ei ettertrakta vedkjelde for lokalbefolkninga. Birkeland (2000:114) nemner eksempelvis ei kvinne som «gave the lack of fertile land and the possibility of practising agriculture as her reason to flee further from Huambo to a less safe area». Det blir ikkje her sagt at landet er så dårleg at befolkninga faktisk minkar, men stoda er altså så dårleg at nokon ut-migrerer.

Dette var eit eksempel på «negative» menneskelege endringar som førte til ut-migrasjon, men endringar som ikkje nødvendigvis er negative kan også føre til eller stimulere migrasjon. Det mest nærliggjande eksemplet er byetablering og etablering av byggjefelt. I slike tilfelle (som til dømes Brasilia) blir ofte miljøet komplett omforma frå eit ruralt eller eit slags opphavleg landskap til eit urbant bebygd landskap. Om dette er negativt eller positivt vil oftast vere opp til augo som ser, å svare på. Eit anna litt sjeldnare eksempel kjem frå Elfenbeinskysten. Fairhead og Leach (1998) viser her at det ser ut til at ettersom bøndene i savanneområdet dyrkar jorda fylgjer skogen etter. Når skogen har vokse seg tett flyttar bøndene for å finne ny savanne som dei kan dyrka. Dette blir nok ikkje skikkeleg langdistanse migrasjon, men det viser korleis menneskelege miljøendringar som av dei fleste blir oppfatta som positive også kan føra til ut-migrasjon.

«Negative» menneskelege miljøendringar som medfører migrasjon finn ein mykje eksempel på i avskoginga av tropisk skog. Avskoging skjer vanlegvis for å skaffe jordbruksland, men ofte blir også avskoga område gjort til jordbruksland som ein konsekvens av avskoging. Tømmervegar og avskoging opnar område for inn-migrasjon (WRI 2002), samtidig som utpining av jorda fører til ut-migrasjon og sjølve tømmerindustrien er eit mellombels føretak som fører med seg først inn- og så ut-migrasjon. Men som før sagt: uansett kva slags miljøendringar, kor raske og kor alvorlege dei er, vil kvar og ein si avgjersle om å emigrere avhenge av mange ulike faktorar som ikkje nødvendigvis har med miljøendringar å gjere.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Allafrica (2004): More Misery As Floods Reach Coast, Ukambani.[1]
  • Areal, Augusto Cesar Baptista (2004): The City of Brasilia. General Information about Brasilia.[2]
  • BBC (2004): How can Africa cope with floods?[3]
  • Bebbington, Tony & Simon Batterbury (2004): GEOGRAPHY 6402 Spring 1998.[4]
  • Bilsborrow, Richard E. (2002): Migration, Population Change, and the Rural Environment. I Ecsp report nr. 8 sommaren 2002.[5] Arkivert 2004-03-19 ved Wayback Machine. (pdf)
  • Birkeland, Nina M. (2000): Forced migration and deslocados in the Huambo Province, Angola. Oslo: Norsk Geografisk Tidsskrift. Vol 54, s. 110–115.
  • Birkeland, Nina M. (2003): Migrasjon og miljø – Miljøflyktninger finnes de? Eksempel fra Huambo i Angola. Leksjon frå AFR 6002/1002. NTNU: 08.03.2003.
  • Blaikie, P (1995): Understanding environmental issues. I Morse, S & Stocking, M (eds.): People an Environment. London: UCL Press Limited. Side 1–30.
  • Fairhead, J & Leach, M (1998): Reframing Deforestation, Global analyses and local realities: studies in West Africa. London: Routledge.
  • Fuglerud, Ø (2001): Migrasjonsforståelse. Flytteprosesser, rasisme og globalisering. Side 19–33. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Klein, Jørgen (2004): Om begrepet ’Politisk Økologi’. Leksjon frå AFR 6002/1002. NTNU: 05.02.2004.
  • Koreisha, Sergio: Brasilia and the Central West by Sergio Koreisha.[6]
  • New Zealand Herald (2004): Niue cyclone damage assessed at $37 million.[7]
  • Pearce, Fred (2002): Africans go back to the land as plants reclaim the desert. New Scientist. Årgang 175, nr. 2361, s. 4.
  • ReliefWeb (2004): Niue to "import" citizens from Tuvalu.[8]
  • UNICEF (2204): Crisis appeal earthquake in bam, iran.[9] Arkivert 2004-06-27 ved Wayback Machine. (pdf)
  • WRI (2002): An Analysis of Access into Central Africa’s Rainforests. Washington, DC: World Resources Institute (WRI).[10] Arkivert 2004-05-11 ved Wayback Machine.