Kausalitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Årsakssamanheng)
Den illustrerte Sutra for årsak og verknad. 700-talet, Japan

Kausalitet er eit omgrep som viser til årsakslova som seier at alt som skjer har ei årsak, og ingenting kan skje utan grunn.

Sjølv om denne uformelle tydinga er tilstrekkeleg til kvardagsbruk har den filosofiske analysen av kasualitet vist seg å vere vanskeleg. Filosofar har prøvd å forstå kausalitet og korleis ein best kan skildre omgrepet i tusenvis av år. I vestleg filosofi strekkjer diskusjonen seg minst tilbake til Aristoteles og temaet er framleis eit viktig emne i dagens filosofiartiklar. Sjølv om årsak og verknad vanlegvis er knytt til hendingar, er andre kandidatar prosessar, eigenskapar, variablar, faktum og sakstilstandar. Kva for nokre av desse som utgjer den riktige årsakssamanehengen og korleis ein best kan karakterisere eigenskapane til forholdet mellom dei, har ein enno ikkje funne eit universelt svar på og temaet vert framleis diskutert.

Den greske filosofen Levkippos formulerte det slik om lag 400 f.Kr.: «Ingenting skjer utan ein grunn, men alt skjer av nødvendigheit og som følgje av ei årsak.»[1]

Døme[endre | endre wikiteksten]

Felles for alle kausale relasjonar (årsak/verknad-forhold) er at:

  • Hendinga A (årsaka) fører til hendinga B (verknaden).
  • Hendinga A kjem før hendinga B i tid (kronologisk asymmetri).
  • Etter hendinga A skjer alltid hendinga B (konsekvens).

Døme på ein kasual relasjon:

  • Varme (A) får vatnet til å koke (B) (årsak > verknad).
  • Oppvarminga (A) skjer før kokinga (B) (kronologisk asymmetri).
  • Tilstrekkeleg oppvarma vatn (A) vil alltid få vatn til å koke (B) (konsekvens).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Årsaksloven» i Caplex.