Årset i Vartdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Årset i Vartdal er ein matrikkelgard i Ørsta kommune. Garden ligg i Årsetdalen, om lag 3 km frå Vartdalsfjorden. Husa og bøane ligg på austsida av Storelva, vestsida er ubygd. Matrikkelgarden har gardsnummer 102 i Ørsta.

Garden er fyrste gong nemnd i 1520, ein brukar skatta då til krona. I 1606 dreiv fire brukarar garden, eit brukartal som heldt seg stort sett uendra dei neste hundreåra. Åra 1873-76 vart garden utskift og to bruk flytta ut or klyngjetunet, eitt bruk heimover i dalføret mot bytelina mot grannegarden Øye og hitt framover i dalen i retning mot grannegarden Myklebust.

Garden har mykje utmark og beitemark i solsida, i tidlegare tider nytta til slåttemark.

Årset hadde seter på Årsetstøylen i Årsetdalen, 4-5 km frå busetnaden og på motsett side av Storelva. Garden hadde naust i Årsetvika ved Vartdalsfjorden til 1998?. Busitjarane selde då naustområdet og fekk ny naustrett ved Vartdalsfjorden, sørvest for garden Søre-Vartdal.

Folketal:[endre | endre wikiteksten]

  • 1801: 30 personar – (5 heimar)
  • 1865: 23 personar – (4 heimar)
  • 1900: 45 personar – (7 heimar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Buset, Johannes: Vartdalssoga. Første bandet. 1964
  • Grøvik, Ivar: Vartdalssoga. II. 1982
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900