Ås kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ås kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Ås
Areal 103 km²
 - land 101 km²
 - vatn km²
Folketal 18 992 (1. januar 2016)
Folketettleik 188 / km²
Målform nøytral
Ordførar Ola Nordal (Ap)
Kommunenummer 0214
NO 0214 Ås.svg
Wikimedia Commons: Ås
Nettstad: www.as.kommune.no

Ås er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar til Vestby, Frogn, Oppegård, Ski og Hobøl i Østfold. Administrasjonssentrum for kommunen er Ås. Andre tettstadar er Kroer og Vinterbro. Ås kommune er heimkommunen til eine delen av Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU, tidlegare UMB og tidlegare Noregs Landbrukshøgskule), medan hin delen ligg på Adamstua i Oslo. I kommunen ligg òg den mest kjende moroparken i Noreg - Tusenfryd.

Kommunen har namn etter den låge åsen kyrkja der står på.

Kommunevåpenet viser tre spissruter i sølv, 2–1, på raud bakgrunn. Det viser til arkeologiske funn i kommunen.

Ås har hatt uendra grenser sidan 1838 bortsett frå ei mindre grensejustering mot Frogn i 1969. Kommunen strekkjer seg frå austsida av indre delen av Bunnefjorden og søraustover til Østfold fylke og Hobøl. Kommunen har tre sokn: Kroer, Ås og Nordby.

Det finst sju barneskular og to ungdomsskular i Ås. I tillegg huser kommunen den største vidåregåande skulen i Akershus fylke, Ås vidaregåande.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Thorsnæs, Geir & Askheim, Svein. Ås (22. juli 2013), Store norske leksikon. Henta 3. januar 2014.
  • «Fakta om Ås kommune», as.kommune.no. Henta 3. januar 2014.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Noreg å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.