Åsa Elvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Åsa Elvik (fødd 12. januar 1979 i Bø i Nordland) er ein tidlegare norsk politikar for SV. Elvik er rådmann i Bø kommune frå oktober 2013. Ho vart innvald på Stortinget frå Nordland i 2001 som andrekandidat og i 2005 som førstekandidat for SV. Ho var parlamentarisk nestleiar for SV si stortinggruppe frå 2005 til 2006. Frå 13. mars til 20. oktober 2009 var ho statssekretær for statsråd Tora Aasland, med ansvar for forsking og høgare utdanning i Kunnskapsdepartementet.

Elvik gjekk ut av Stortinget då ho vart utnemnt til statssekretær, og tidlegare fylkesråd Geir-Ketil Hansen møtte som fast representant ut perioden. Elvik tok ikkje attval ved stortingsvalet 2009.[1]

Elvik var lærer ved Sortland vidaregåande skole, avdeling Bø, 1997–1998, og har eksamenar i psykologi, pedagogikk og sosialantropologi frå Universitetet i Tromsø. Etter avgangen som statssekretær i 2009, vart ho sjølvstendig næringsdrivande, og var dagleg leiar for den kombinerte kaffebaren og klesbutikken Smak i heimkommunen Bø i Vesterålen.

Åsa Elvik har hatt ei rekkje verv i SU og SV. I perioden 1999–2001 var ho medlem av Nordland fylkesting. Elvik var i styret for Nordland Sosialistisk Ungdom 1996–1997 (kasserar) og 1997–1998 (leiar). Ho var medlem av fylkesstyret i Nordland SV 1996–1998 og 2000–2001. Ho var Medlem av landsstyret i SU 1997–1999. Vidare var ho fylkessekretær i Troms SV 1998–1999 og medlem i SV sitt sentralstyre frå 2001 til 2007.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1998 - Det var då det byrja
  • 2000 - Inni meg er det mange rom

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]