Åsa i Halland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 57°20′58.355″N 12°6′55.242″E Åsa er ein tettstad i Kungsbacka kommun i Hallands län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 3 218 innbyggjarar, og eit areal på 2,75 km².[1] Åsa ligg cirka 45 kilometer sør for Göteborg.

Åsa er ein populær badeby for folk frå Göteborg, og tidlegare på 1900-talet òg for folk frå Borås. Spesielt populær er «Vita Sand» (Sörvik) som ligg ved Åsa Camping.

Byen har ein skule, Åsaskolan, med ca. 550 elevar.[2] Den store innflyttinga til byen dei seinare år har medført at enno ein skule, Åsa gardsskola, blei innvigd i 2008.

Byen har ein særs aktiv idrettsforening, Åsa IF, som har aktivitetar innan mellom anna fotball og innebandy. Kvart år blir det arrangert «Åsa-cupen» i fotball for jenter og gutar t.o.m. 12 år. Cupen trekkjer til seg lag frå heile det sørlege Sverige.

I byen finst daglegvarebutikk, bakeri, bensinstasjon med bilverksted, klesbutikkar, pizzeriaer og thairestaurant.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tätorter; arealer, befolkning 2005, Befolknings- og arealfakta frå SCB, oppdatert 11. Mars 2008
  2. Kungsbacka kommuns webbplats