Åsane gamle kyrkje
| Åsane gamle kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: B. Ystebo | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Åsane | ||
| Sokn | Åsane | ||
| Fellesråd | Bergen | ||
| Arkitekt | Ole Landmark | ||
| Teknikk | Mur | ||
| Material | Teglstein | ||
| Innvigd | 1795 | ||
| • Endringar | Utv. 1891–95, rest. 1935, brann 1992, bygd opp att 1995 | ||
| Kyrkjegard | Ja | ||
| Orgel | Gunnar Fabricius Husted (1995) | ||
| Sitjeplassar | 240 | ||
![]() Åsane gamle kyrkje 60°28′29″N 5°19′33″E / 60.47479°N 5.32581°E | |||
| Wikimedia Commons: Åsane gamle kirke | |||
Åsane gamle kyrkje er ei langkyrkje frå 1795 på Saurås i Åsane i Bergen kommune (Hordaland fylke). Kyrkja ligg i Sauråsbakken nedanfor Saurås gard.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ei kyrkje på same staden er nemnt alt i 1598. Steinkyrkja, om lag slik vi kjenner ho i dag, vart vigsla av biskop Johan Nordahl Brun. På 1800-talet vart kyrkja bygd om fleire gonger. Byggverket er i stein og tre.
I 1935 vart kyrkja restaurert av arkitekt Ole Landmark. Eit murt sakristi vart då bygd vinkelrett på nordmuren i koret.[1]
Kyrkja vart tent på (av Varg Vikernes og Jørn Tunsberg) og brann ned julaftan 1992.[2][3] Ho vart bygd opp att som ein tro kopi med dei opphavelege steinmurane og ny treinnreiing, og vart nyinnvigd 19. november 1995 av biskop Ole Danbolt Hagesæther. Det var mogleg å byggje opp att kyrkja i same utforminga fordi ein hadde mange amatørbilete å sjå etter. Mange eldre gjenstandar som befann seg i kyrkja, gjekk tapt i brannen. Kyrkja har eit krusifiks frå 16–1700-talet som truleg er frå ei tysk kyrkje, og som skipsreiar Arne Steckmest forærte til kyrkja i 1997.
Det står ein minnebauta over falne frå Åsane i andre verdskrigen nær kyrkja. På gravplassen er det reist ein minnestein over falne russiske soldatar i krigsåra 1941–45.
- Koret i Åsane gamle kyrkje
- Kyrkja og kyrkjegarden
- Falne nordmenn 1940–45
- Dekorert side av minnesmerke, falne nordmenn 1940–45
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Norges kirker»
- ↑ Åsane gamle kirke hos DIS-Norge
- ↑ Bergensavisen – Varg «Greven» Vikernes
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Hans-Emil Lidén: Åsane gamle kirke (i «Norges kirker»)
- Denne artikkelen bygger på «Åsane gamle kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 11. september 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kyrkjesøk – Åsane gamle kirke
- Åsane kyrkjelyd
- (no) Åsane gamle kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
