Åsefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Åsefjorden

Åsefjorden er ein fjord i Ålesund og Sula kommunar på Sunnmøre. Han har ei lengd på seks km og ligg mellom Åsestranda i nord og øyane Humla og Tørla i sør.

Fjorden er eit framhald av Borgundfjorden og Heissafjorden i vest og har innløp mellom Bogneset i nord og Fransholmen i sør. Han strekkjer seg austover til Spjelkavik og Blindheims-Breivika. Fiskarstranda ligg på sørsida av fjorden, sør for Humla. På det djupaste er fjorden 87 m.

Heilt søraust i fjorden ligg Vegsundet som går til Flisfjorden på andre sida, ein liten sidefjord av Storfjorden.