Åseral kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Åseral)
Hopp til navigering Hopp til søk
Åseral kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vest-Agder
Adm.senter Kyrkjebygda
Areal 888 km²
 - land 801 km²
 - vatn 87 km²
Folketal 943 (1. januar 2018)
Folketettleik 1 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Oddmund Ljosland (Sp)
Kommunenr. 1026
NO 1026 Åseral.svg
Wikimedia Commons: Åseral
Nettstad: www.aseral.kommune.no

Åseral er ein kommune i Vest-Agder fylke. Kommunen grensar til Hægebostad og Kvinesdal i vest, til Aust-Agder fylke i nord og aust og til Audnedal i sør. Åseral er ein kommune med store hei- og fjellområde. Jord- og skogbruk er viktige næringar og 23 % av de sysselsette arbeider i desse primærnæringane.

Den øvre delen av Mandalsvassdraget ligg i Åseral og har tre hovudløp: Skjerka, Monn og Logna. Desse møtest i vatnet Øre. Frå utløpet av Øre er namnet Mandalselva.

Åseral er ein vasskraftkraftkommune med fleire damanlegg og fem kraftverk: Håverstad, Logna, Skjerka (gammal/ny) og Smeland. Dei har ein samla produksjon årleg på 1 522 GWh.


Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1837 blei Åseral eit annekssogn til Bjelland prestegjeld. Men sidan det blei åtskilt frå hovudsoknet sitt av ei fylkesgrense: Åseral tilhørte Nedenes amt (frå 1919 kjend som Aust-Agder), mens Bjelland hovudsokn låg i Lister og Mandals amt (frå 1919 kjend som Vest-Agder). Det måtte derfor opprettast eit eige formannskapsdistrikt. Den 1. september 1880 blei likevel Åseral overført frå Aust-Agder til Vest-Agder fylke.

Dei eldre kommunale arkivkjeldene for kommunen finst i dag hos Interkommunalt arkiv i Vest-Agder (IKAVA). Dette inkluderer protokoller frå for eksempel kommunestyre, formannskap, fattigstyre, skulestyre og arkiv med blant anna personopplysningar i form av klientarkiv, skatteprotokollar, men også skuleprotokollar.

Natur og geografi[endre | endre wikiteksten]

Den vestlege delen av Agder høyrer til det svekonorvegiske grunnfjellsskjoldet, og består av to geologiske hovudformasjonar av proterozoiske bergartar som er danna under dei gotiske og seinare svekonorvegiske fjellkjedefoldingane, med sterk metamorfose under den sistnemnde.[1] Eit underlag av 1 600-1 450 millionar år gammal skifer, kvartsitt, marmor og amfibolitt med noko hornblendegneis, og ovanpå dette sure overflatestrukturar av både granitt og granodioritt (høvesvis 1 250-1 000 mill år gammalt, og stadvis 1 550-1 480 millionar år gammalt). Dei yngste svekonorvegiske danningane er synlege i form av større formasjonar av granitt. Den kaledonske fjellkjedefoldinga nådde ikkje ned hit. Forkastningane går både i sørvest-nordaust retning, og i sør-nord retning.[2]

Kommunen er ein del av det svekonorvegiske grunnfjellsskjoldet. For ca. 600 millionar år sidan sokk grunnfjellet i havet og blei gjennom millionar av år dekt av nokre tusen meter tjukke sediment der det blei danna fyllitt nedst. Under den kaledonske fjellkjedefolding 200 millionar år seinare blei dette sedimentære dekket heva opp, og nokre stader førte fjellfoldinga til at eldre gneis blei lagt som ein kapp over dei nå hevde sedimentmassene. I kvartær-tida blei sediment- og fyllitt-dekket slite vekk, og ein finn i dag berre dei nedste (eldste) laga av dette fyllitt-dekket på enkelte toppar heilt nord i kommunen.[3]

Siste istid avsette både bunnmorener og eskere i Setesdalsheiene. Mange stader er fjellet svært blankskurt, med nokre flyttblokker og beskjedent jord-dekke med ein sparsam vegetasjon. Den sure grunnfjellsbunnen gjev mest grobunn for hardføre artar av gras og lyngi nord, og mykje furu opp til tregrensa på dryge 900 moh. Det høgaste punktet i kommunen er Skoræ, 1041,4 meter over havet.[4]

Dyrelivet omfattar mellom anna elg, rådyr, rev, hare, lemen, fjellrype, villrein og gaupe. Sur nedbør har også redusert mange aure-stammar i området. Dei kalkrike fyllitt-områda i nord og vest har noko aure, medan bekkerøye er sett ut i dei surare vatna som dominerer kommunen.[5]

Den øvre delen av Mandalsvassdraget ligg i Åseral og består her av tre hovudløp: Skjerka, Monn og Logna. Desse møtest i vatnet Øre, og frå Øres utløp er namnet Mandalselva. Gyvatn, Nåvatnet og Rundatjønn er andre vatn i kommunen.

Aktivitetar og turisme[endre | endre wikiteksten]

Turisme er eit satsingsområde i kommunen med tre hytteområde og tre alpinsenter: Bortelid, Ljosland og Eikerapen. Desse områda er i sterk utvikling med stor byggeaktivitet.

Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv; 26. juni 2010 blei Minne Åseral kultursenter opna i Kyrkjebygda i Åseral med stor bistand til etableringa frå fylkeskommunen. Kulturhuset rommar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.[6]

Eikerapen Roots Festival blir arrangert også første helga i August på Eikerapen. I august 2018 blei festivalen arrangert for femtande gong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ivar B. Ramberg et al, Landet blir til - Norges geologi, Norsk geologisk forening 2006 (2007), side 71.
  2. Berggrunnskart over Norge, NGU 2006. (kart)
  3. Honoria Bjerknes Hamre, Fjellet, Cappelen 2006, side 148-149.
  4. «Høyeste fjelltopp i hver kommune». Kartverket. Henta 27. juni 2017. 
  5. Honoria Bjerknes Hamre, Fjellet, Cappelen 2006, side 150.
  6. Torkelsen, Jan H. (5. april 2018). «vaf.no; Fylkespolitikere imponert over den mangfoldige kulturformidlingen på Minne kultursenter i Åseral». Vest-Agder fylkeskommune. Henta 7. april 2018. «Sommaren 2010 ble Minne Åseral kultursenter åpnet med stor bistand til etableringen frå fylkeskommunen.» 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Koordinatar: 58°37′2.3″N 7°24′40.2″E