Åshild Eidem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åshild Eidem
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. mai 1983 (40 år)
Bergen
Yrke journalist, skribent

Åshild Eidem (fødd 26. mai 1983) er ein norsk journalist, fotograf og forfattar.

Ho har bachelorgrad i journalistikk frå Høgskulen i Bodø, og har studert journalistikk, sosiologi, kultur og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo 2002–2005, deretter internasjonale studiar same stad. Ho har studert internasjonal politikk, arabisk og hebraisk ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem.

Eidem har budd i Skien, i Jerusalem, i Gaza og i Teheran. Ho byrja pressekarrieren sin som sommarvikar i Porsgrunns Dagblad som 20-åring, og var fotograf, fotosjef, redaksjonsleiar og kulturredaktør i studentavisa Universitas i Oslo. Ho har skrive for Varden, Dagens Næringsliv, Morgonbladet, Aftenposten og portugisiske Expresso.

I si fyrste bok Spillet om Gaza presenterer ho fire personar frå Gaza - ein tunnelsmuglar, ein aktivist, ein militant leiar og ei profilert Hamas-kvinne.

Eidem vart kåra som Årets frilansar 2013 av NJ-juryen til frilansjournalistane.[1]

I 2017 arbeidde Eidem som kommunikasjonsrådgjevar for Norges institusjon for menneskerettigheter.[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Spillet om Gaza, dokumentar og historie, Cappelen Damm (2013)
  • Arven etter far, av Laila Bokhari i samarbeid med Åshild Eidem, sakprosa, Gyldendal (2015)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]