Åshild Hauan
Hopp til navigering
Hopp til søk
Åshild Hauan | |
Fødd | 20. april 1941 Velfjord |
---|---|
Død | 1. desember 2017 (76 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Verv | Fylkesmann i Nordland 1993-2007 |
Føregangar | Odd With |
Etterfylgjar | Hill-Marta Solberg |
Åshild Hauan (20. april 1941–1. desember 2017) var ein norsk butikkarbeidar, politikar og embetsmann frå Velfjord i Nordland.
Hauan arbeidde i butikkar for Rana Samvirkelag frå 1961 til 1981. Hausten 1981 vart ho vald til stortingsrepresentant frå Nordland for Arbeidarpartiet. Etter to attval og tolv år på Stortinget fekk i 1993 stillinga som Fylkesmann i Nordland. Ho var då den første kvinnelege fylkesmannen i Noreg, ein posisjon ho hadde til 26. september 2007.
Hauan døydde i Bodø, 76 år gammal.
Stortingetsverv[endre | endre wikiteksten]
Presidentskapet[endre | endre wikiteksten]
- 1985–1989: President i Odelstinget
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 1981–1985: Medlem i Sosialkomiteen
- 1985–1989: Medlem i Justiskomiteen (1985–1986) og Forbrukar- og administrasjonskomiteen (1986–1989), varamedlem i Kontrollkomiteen (1985–1986)
- 1989–1993: Medlem i Samferdselskomiteen og Den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen (1990–1993)