Åskollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Åskollen er eit område i Drammen i Viken, del av bydelen Tangen/Åskollen. Åskollen ligg heilt sør i kommunen, og høyrde fram til 1964 til Skoger kommune.

I dette området ligg den best kjende helleristinga i Drammen, av ein elg. I dag ligg gardane Lolland, Store og Nordre Solum og Nedre og Øvre Knive, her. Fram til 1970-talet var hjørnesteinsbedrifta Drammens glassverk drivkrafta i bydelen. Nå er berre namnet igjen etter verksemda på idrettslaget, Glassverket IF (inkludert fotballaget til bydelen, Glassverket IF fotball), og musikkorpset, Glassverket Musikkorps.