Åslaug Haga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Åslaug Haga
none
Fødd 21. oktober 1959

Nes

Åslaug Marie Haga (fødd 21. oktober 1959) i NesRomerike er ein norsk diplomat, politikar og tidlegare leiar i Senterpartiet. Ho er utdanna cand.mag. og har erfaring frå Utanriksdepartementet (UD). Haga var statsråd i regjeringa Stoltenberg II, fram til 19. juni 2008. Ho valde å gå av etter ei massiv mediedekning rundt små og store lovbrot i samband med forvalting av eigen eigedom. Det var til dømes ulovleg utleige av eigen eigedom i tillegg til ei uanmeld bryggebygging.

Åslaug Marie Haga er dotter til Hans Haga, leiar i Norges Bondelag frå 1974 til 1980 og generalsekretær frå 1980 til 1988. Ho voks opp på garden Henni saman med ei eldre syster.

Cand.mag.-graden til Haga er frå Universitetet i Oslo og er sett saman av faga statsvitskap, historie og sosiologi. I 1989 gifta ho seg med diplomatkollega Bård Hopland. Etter å ha budd i Oslo og i utlandet i fleire år kjøpte dei to i lag småbruket Sandli (Holstad i Ås). Saman har dei to born.

Ho var stortingsrepresentant i stortingsperiodane 2001-2005 og 2005-2009. I samband med at stortingsperioden hennar gjekk ut 1. oktober 2009 og at ho ikkje stilte til attval, annonserte ho at ho skulle byrje i ny jobb som miljølobbyist for arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Åslaug Haga i Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Åslaug Haga går til NHO» av Helge Carlsen og Øystein Ingdahl på NRK.no (16.09.2009).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]