Åsne Seierstad
Utsjånad
| Åsne Seierstad | |
Åsne Seierstad under litteraturfestivalen på Café Sting i 2007 Foto: Jarle Vines | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 10. februar 1970 (56 år) Oslo, Lillehammer kommune |
| Yrke | journalist, skribent |
| Sjanger | dokumentarlitteratur |
| Far | Dag Seierstad |
| Mor | Frøydis Guldahl |
| Prisar | Bokhandlarprisen, Fredrikkeprisen, Peer Gynt-prisen, Fritt Ords Pris, Den store journalistprisen, Neshornprisen, Torgny Segerstedt sin fridomspenn, Leipzigs bokpris for europeisk forståelse, Brageprisen, Ingrid Aunes minnepris, Bjørnsonprisen, Bokhandlarprisen, Brageprisen i faglitteratur/sakprosa |
| Åsne Seierstad på Commons | |
Åsne Seierstad (fødd 10. februar 1970) er ein norsk journalist og forfattar. Ho er utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga russisk, spansk og idéhistorie. Ho har vore utanrikskorrespondent i Russland og Kina, krigskorrespondent i Kosovo i 1999 og seinare i Afghanistan. Ho vart kjend for si rolle som krigsreportar i Irak under britisk- amerikanske invasjonen i 2003.
Seierstad har gjeve ut bøkene Med ryggen mot verden (2000), Bokhandleren i Kabul (2002), Hundre og en dag (2003) og De krenkede (2007). Bokhandleren i Kabul er skrive etter metoden «deltakande observerande intervju». Metoden gjev djup innsikt i intervjuobjektet.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Seierstad vart i 2001 tildelt Fritt Ords honnør for uredde og sjølvstendige reportasjar frå krigsområde.
- I 2002 fekk ho Bokhandlarprisen for Bokhandleren i Kabul
- I 2003 fekk ho Den Store Journalistprisen.
- I 2003 vart ho tildelt Peer Gynt-prisen.
- 2016 – Brageprisen: for To søstre[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Vinnere av Brageprisen 2016». Brageprisen.no. 23. november 2016. Henta 6. september 2017.