Åstfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Åstfjorden er ein fjordarm av Hemnfjorden i Snillfjord kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 14 km austover til Åstsjøen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Tynsøya i nord og Krombukta i sør. Litt inn i fjorden ligg gardsbruka Vågan og Stolpnes. Like aust for Stolpnes snor Bustlivågen seg 6,5 km nordover til Nyheim. Lenger inn i fjorden ligg grenda Mjønes på nordsida. Inst i fjorden opnar han seg opp og midt i denne delen ligg Storøya. Området sør for Storøya vert kalla Sagfjorden, som har ei lengd på 1,8 km. Inst i fjorden ligg garden Åssjøen.

Fylkesveg 714 går langs dei indre delan av fjorden og på nordsida ut til Mjønes før han svingar nordover. Langs heile sørsida av fjorden går fylkesveg 305.

Koordinatar: 63°26′44.153″N 9°15′33.894″E